1Eller veit de ikkje, brør - for eg talar til slike som kjenner lovi - at lovi råder yver menneskjet so lenge det liver? 2For den gifte kvinna er med lovi bundi til mannen sin so lenge han liver; men døyr mannen, er ho løyst frå lovi um mannen. 3Difor skal ho kallast horkona, um ho gifter seg med ein annan mann medan mannen hennar liver; men døyr mannen, so er ho fri frå lovi, so ho ikkje vert horkona um ho vert gift med ein annan mann. 4Soleis, mine brør, døydde de og frå lovi ved Kristi likam, av di de skulde høyra til ein annan, det er han som er uppstaden frå dei daude, so me kann bera frukt for Gud. 5For då me var i kjøtet, verka dei syndige lysterne, som vart vekte ved lovi, soleis i lemerne våre, at me bar frukt for dauden; 6men no er me løyste frå lovi, med di me hev døytt frå det som me var fangar under, so me tener i Andens nye art og ikkje i bokstavens gamle art. 7Kva skal me då segja? Er lovi synd? Nei, langt ifrå! men eg kjende ikkje syndi utan gjenom lovi; for eg kjende ikkje lysti, um ikkje lovi hadde sagt: «Du skal ikkje lysta!» 8Men syndi tok tilføre av bodet og verka allslags lyst i meg; for utan lov er syndi daud. 9Eg livde ei tid utan lov; men då bodet kom, livna syndi upp, 10men eg døydde; og bodet som var til liv, vart funne å vera meg til daude, 11for syndi tok tilføre av bodet og dåra og drap meg ved det. 12So er då lovi heilag, og bodet heilagt og rettferdigt og godt. 13Hev då det som er godt vorte meg til daude? Nei, langt ifrå! men det var syndi, at ho skulde visa seg å vera synd, med di ho volde meg dauden med det som er godt - so syndi skulde verta storleg syndig ved bodet. 14For me veit at lovi er åndeleg, men eg er kjøtleg, seld under syndi. 15Det eg gjer, det skynar eg ikkje; for eg gjer ikkje det som eg vil, men det som eg hatar, det gjer eg. 16Men gjer eg det som eg ikkje vil, so vitnar eg med lovi at ho er god. 17Men no er det ikkje lenger eg som gjer det, men syndi som bur i meg. 18For eg veit, at i meg, det vil segja i kjøtet mitt, bur inkje godt; for viljen hev eg, men gjera det gode vinn eg ikkje. 19For eg gjer ikkje det gode som eg vil, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg. 20Men gjer eg det som eg ikkje vil, so er det ikkje lenger eg som gjer det, men syndi som bur i meg. 21So finn eg då den lov for meg, eg som vil gjera det gode, at det vonde ligg meg for handi. 22For eg hev hug til Guds lov etter mitt indre menneskje, 23men eg ser ei onnor lov i lemerne mine, som strider imot lovi i hugen min, og fangar meg under syndelovi som er i lemerne mine. 24Eg arme menneskje! kven skal frelsa meg frå denne daudens likam? 25Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! - So tener då eg i meg sjølv Guds lov med hugen, men syndelovi med kjøtet.