1So er det då ingi fordøming for deim som er i Kristus Jesus. 2For i Kristus Jesus hev livsens ånds-lov gjort meg fri frå synde- og daude-lovi. 3For det som var umogelegt for lovi, av di ho var magtlaus ved kjøtet, det gjorde Gud, då han sende sin eigen son i syndigt kjøts likning og for syndi skuld og fordømde syndi i kjøtet. 4So skulde lovkravet verta fullnøgt i oss som ikkje ferdast etter kjøtet, men etter Anden. 5For dei som er etter kjøtet, trår etter det som høyrer kjøtet til, men dei som er etter Anden, trår etter det som høyrer Anden til. 6For kjøtsens trå er daude, men Andens trå er liv og fred, 7etter di kjøtsens trå er fiendskap mot Gud - for det er ikkje Guds lov lydugt, ja, kann ikkje vera det heller - 8og dei som er i kjøtet, kann ikkje tekkjast Gud. 9Men de er ikkje i kjøtet, men i Anden, so framt Guds Ande bur i dykk; men hev ein ikkje hev Kristi Ande, so høyrer han ikkje honom til. 10Men er Kristus i dykk, so er vel likamen daud for synd skuld, men åndi er liv for rettferd skuld. 11Men dersom Anden hans som vekte Jesus upp frå dei daude, bur i dykk, so skal han som vekte Kristus upp frå dei daude, ogso gjera dykkar døyelege likamar livande for sin Ande skuld, som bur i dykk. 12So stend me då, brør, ikkje i skuld til kjøtet, so me skulde liva etter kjøtet. 13For liver de etter kjøtet, skal de døy; men døyder de likamens gjerningar ved Anden, då skal de liva. 14For so mange som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15For de fekk ikkje ein trældoms-ande, so de atter skulde ræddast, men de fekk ei barnekårs-ande, som gjer at me ropar: «Abba, Fader!» 16Anden sjølv vitnar med vår ånd at me er Guds born. 17Men er me born, so er me ervingar og, det er Guds ervingar, og Kristi medervingar, so framt me lid med honom, for at me skal verta herleggjorde med honom. 18For eg held so fyre, at lidingarne i den nærverande tidi er ikkje vyrdande mot den herlegdomen som skal openberrast på oss. 19For skapningen lengtar og stundar etter Guds borns openberring; 20for skapningen vart lagd under vesaldomen - ikkje godviljugt, men etter hans vilje som lagde honom derunder - 21i von um at skapningen og skal verta frigjord frå trældomen under forgjengelegdom til fridomen i Guds borns herlegdom. 22For me veit at all skapningen sukkar saman og lid sår verk saman alt til no; 23ja, ikkje berre det, men me og, som hev Anden til fyrstegrøda, jamvel me sukkar med oss sjølve, med di me stundar etter barnekåret, vår likams utløysing. 24For i voni er me frelste; men ei von som ein ser, er ingi von; kvifor skulde ein vona det ein ser? 25Men vonar me det me ikkje ser, so stundar me etter det med tolmod. 26Men like eins kjem Anden og vår vanmagt til hjelp; for me veit ikkje kva me skal beda um, so som me treng det, men Anden sjølv gjeng i bøn for oss med usegjelege sukkar, 27og han som ransakar hjarto, veit kva Anden trår etter; for etter Guds vilje gjeng han i bøn for dei heilage. 28Og me veit at alle ting tener deim til gode som elskar Gud, dei som er kalla etter hans rådgjerd. 29For dei som han kjende fyreåt, dei hev han og kåra fyreåt til å likjast bilætet av Son hans, so han skulde vera den fyrstefødde millom mange brør; 30og dei som han kåra fyreåt, deim hev han og kalla, og dei som han kalla, deim hev han og rettferdiggjort, og dei som han rettferdiggjorde, deim hev han og herleggjort. 31Kva skal me då segja um dette? Er Gud med oss, kven er då imot oss? 32Han som ikkje sparde sin eigen son, men gav honom for oss alle, kor skulde han ikkje og gjeva oss alle ting med honom? 33Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som rettferdiggjer. 34Kven er den som fordømer? Kristus er den som hev døytt, ja, endå meir, som er uppvekt, som og er ved Guds høgre hand, som og gjeng i bøn for oss. 35Kven skal skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsla eller hugverk eller forfylgjing eller hunger eller klædeløysa eller fåre eller sverd? 36som skrive stend: «For di skuld vert me drepne all dagen; me er rekna som slagtesauer.» 37Men i alt dette vinn me meir enn siger ved honom som elska oss. 38For eg er viss på at korkje daude eller liv, korkje englar eller herrar, korkje det som no er eller det som koma skal eller nokor magt, 39korkje høgd eller dypt eller noko annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.