1Kva skal me då segja? Skal me halda fram i syndi, so nåden kann verta dess større? 2Nei, langt ifrå! Me som er avdøyde frå syndi, kor skulde me endå liva i henne? 3Eller veit de ikkje at alle me som vart døypte til Kristus Jesus, me vart døypte til hans daude? 4Me vart soleis gravlagde med honom ved dåpen til hans daude, for liksom Kristus vart uppvekt frå dei daude ved Faderens herlegdom, so skal me og ferdast i ein ny livnad. 5For hev me vorte sameina med honom i likskapen med dauden hans, so skal me og verta det i likskapen med uppstoda hans, 6då me veit dette, at vårt gamle menneskje vart krossfest med honom av so synd-likamen skulde verta til inkjes, so me ikkje lenger skal tena syndi; 7for den som er daud, han er rettferdiggjort frå syndi. 8Men døydde me med Kristus, so trur me at me og skal liva med honom, 9av di me veit at Kristus ikkje døyr meir sidan han er uppvekt frå dei daude; dauden hev ikkje lenger vald yver honom. 10For dauden sin, den døydde han ein gong for syndi, men livet sitt, det liver han for Gud. 11Soleis skal de og rekna dykk daude for syndi, men livande for Gud i Kristus Jesus. 12Lat difor ikkje syndi råda i dykkar døyelege likam, so de lyder lysterne hans! 13Og bjod ikkje heller fram lemerne dykkar åt syndi til våpn for urettferd, men bjod dykk sjølve fram åt Gud som upplivna frå daude, og lemerne dykkar åt Gud til våpn for rettferd! 14For syndi skal ikkje råda yver dykk; de er ikkje under lovi, men under nåden. 15Kva då? Skal me synda, sidan me ikkje er under lovi, men under nåden? Nei, langt ifrå! 16Veit de ikkje at når de byd dykk fram åt einkvan til tenarar so de lyder, so er de tenarar under den som de lyder, anten det so er under syndi til daude eller under lydnaden til rettferd? 17Men Gud vere takk, at de vel hev vore tenarar under syndi, men no av hjarta hev vorte lyduge mot den lærdomsform som de er yvergjeven til! 18Men sidan de er frigjorde frå syndi, hev de vorte tenarar for rettferdi. 19Eg talar på menneskjevis for dykkar kjøts vesaldom. For liksom de baud lemerne dykkar fram til tenarar for ureinskapen og urettferdi til urettferd, so bjod no fram lemerne dykkar til tenarar for rettferdi til helging. 20For då de var tenarar for syndi, var de frie frå rettferdi. 21Kva frukt hadde de so den tid? Slikt som de no skjemmest ved. For endelykti på deim er dauden. 22Men no då de er frigjorde frå syndi og hev vorte Guds tenarar, hev de dykkar frukt til helging, og endelykti er ævelegt liv. 23For den løn som syndi gjev, er dauden, men Guds nådegåva er ævelegt liv i Kristus Jesus, vår Herre.