1Men døtterne åt Selofhad - dei heitte Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa, og var ætta frå Manasse, Josefs son; for Selofhad, far deira, var son åt Hefer, son åt Gilead, son åt Makir, son åt Manasse - 2dei gjekk fram i møtetjelddøri, og stod framfor Moses og Eleazer, øvstepresten, og alle hovdingarne og heile lyden, og sagde: 3«Far vår døydde i øydemarki, men han var ikkje med i den flokken som sette seg upp mot Herren - i Korah-flokken - han døydde for si synd skuld, og han hadde ingi søner. 4Skal no namnet åt far vår ganga ut or ætti av di han ingen son hadde? Gjev oss odel tilliks med farbrørne våre!» 5Moses bar saki deira fram for Herren. 6Og Herren sagde til Moses: 7«Det er rett som døtterne åt Selofhad segjer. Du skal gjeva deim odel tilliks med farbrørne deira, og lata farsgarden ganga i arv til deim. 8Og til Israels-folket skal du segja: «Når ein mann døyr, og ikkje hev nokon son, so skal de lata garden hans ganga i arv til dotteri. 9Hev han ingi dotter, so skal de gjeva brørne hans garden; 10og hev han ikkje brør, so skal de lata farbrørne hans få garden; 11men hadde ikkje faren nokon bror, so skal den næmaste skyldingen i ætti få garden til odel og eiga. Dette skal gjelda for rett hjå Israels-folket, soleis som Herren hev sagt med Moses.»» 12Sidan sagde Herren til Moses: «Stig upp på Abarimfjellet her, og sjå utyver landet som eg hev gjeve Israels-sønerne. 13Og når du hev set det, skal du og fara til federne dine, som Aron, bror din, fyre deg, 14av di de var ulyduge mot meg i Sinheidi, då lyden trætta, og de ikkje vilde syna deim mi guddomsmagt og lata vatnet strøyma fram for augo deira.» - Av det hev Meribavatnet ved Kades i Sinheidi fenge namn. 15Då tala Moses til Herren og sagde: 16«Herre, du som kjenner kvar manns hug, vil ikkje du setja ein mann yver lyden, 17som kann ganga fyre deim både heime og burte og fylgja deim både ut og inn, so ikkje lyden din skal vera som ein saueflokk utan hyrding!» 18Og Herren sagde til Moses: «Tak Josva, son åt Nun! Han er ein heilag mann. Legg handi på hovudet hans, 19og leid honom fram for Eleazar, øvstepresten, og for heile lyden, og set honom inn til styresmann framfor augo deira, 20og gjev honom noko av den vyrdnaden du hev med deg, so kjem heile Israels-lyden til å høyra på honom. 21Og han skal ganga fram for Eleazar, øvstepresten, og Eleazar skal for Herrens åsyn spyrja urim-oraklet for honom, og etter hans ord skal dei retta seg i alt dei tek seg fyre, både Josva og heile Israels-borni og heile lyden.» 22Moses gjorde som Moses sagde; han tok og leidde Josva fram for Eleazar, øvstepresten, og heile lyden, 23og Eleazar lagde henderne på honom, og sette honom inn til styresmann, som Herren hadde havt Moses til å segja med honom.