1Og Herren tala atter til Moses, og sagde: 2«So skal du segja til Israels-sønerne: «Offeri mine, maten min, dei angande retterne mine lyt de koma i hug å bera fram for meg på si visse tid.» 3Seg til deim: «So skal dei rettarne vera som de ber fram for Herren: Tvo årsgamle lytelause lamb um dagen, til fast brennoffer. 4Eitt lamb skal du ofra um morgonen, og eitt solegladsbil, 5og til grjonoffer ei kanna fint mjøl, blanda med ei halvkanna av den beste beroljen. 6Det skal vera det faste brennofferet, so som det vart frambore på Sinaifjellet til ein kveikjande ange, ein rjukande rett for Herren. 7Og drykkofferet som høyrer til det eine lambet, skal vera ei halvkanna vin; den skal de skjenkja ut i heilagdomen til kryddedrykk for Herren. 8Det andre lambet skal du ofra solegladsbil; med same grjonofferet som um morgonen, og same drykkofferet, skal du bera det fram, då er det ein god offerrett, som angar søtt for Herren. 9Um kviledagen skal du ofra tvo årsgamle lamb utan lyte, og til grjonoffer tvo kannor fint mjøl, blanda med olje, og drykkofferet som høyrer til. 10Det er kviledags-brennofferet som skal berast fram kvar helg, umfram det daglege brennofferet og drykkofferet som høyrer til. 11Den fyrste dagen i kvar månad skal de bera fram eit brennoffer for Herren: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb utan lyte, 12og til grjonoffer tri kannor fint mjøl, blanda med olje, for kvar ukse, og tvo kannor fint mjøl, blanda med olje, for kvar ver, 13og ei kanna fint mjøl, blanda med olje, for kvart lamb; då er det eit rett brennoffer som angar godt, ein god offerrett for Herren. 14Og drykkofferet skal vera ei kanna vin for kvar ukse, og tvo pottar for kvar ver, og ei halvkanna for kvart lamb. Dette er månads-brennofferet som de skal bera fram kvar nymånedag i året. 15Då skal de og ofra ein geitebukk til syndoffer åt Herren, umfram det daglege brennofferet og drykkofferet som høyrer til. 16Den fjortande dagen i den fyrste månaden er det påskehelg for Herren. 17Og den femtande dagen i den same månaden er det pilegrimshelg; då skal de eta usyrt brød sju dagar. 18Den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid. 19Og de skal bera fram for Herren ein rjukande brennofferrett: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb - lytelause skal dei vera - 20og til grjonoffer attåt dei fint mjøl, blanda med olje: tri kannor for kvar ukse og tvo kannor attåt veren, 21og ei kanna for kvart av dei sju lambi, 22og so ein syndofferbukk til soning for dykk. 23Dette skal de ofra umfram morgon-brennofferet, som høyrer til den daglege offergåva. 24Sovorne gåvor skal de bera fram kvar av dei sju dagarne: det er offermat som angar godt for Herren; attåt det daglege brennofferet skal de bera det fram, med drykkofferet som høyrer til. 25Den sjuande dagen skal de halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera då. 26Nygrødedagen, når de ber fram eit nytt grjonoffer for Herren, og høgtidar sjuvikehelgi, då skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid. 27Og de skal bera fram eit brennoffer til godange for Herren: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb, 28og til grjonoffer fint mjøl, blanda med olje, tri kannor for kvar ukse, og tvo kannor for kvar ver, 29og ei kanna for kvart av dei sju lambi, 30og so ein geitebukk til soning for dykk. 31Det skal de ofra umfram det daglege brennofferet og grjonofferet som høyrer til. Offeri skal vera lytelause, og dei vanlege drykkofferi skal fylgja med.