1Då sotti var yver, tala Herren so til Moses og Eleazar, son åt Aron, øvstepresten: 2«Tak tal på heile Israels-lyden, ættgrein for ættgrein, alle dei våpnføre i Israel som hev fyllt tjuge år!» 3So tala Moses og Eleazar, øvstepresten, åt deim på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko, og sagde: 4«Stig fram, alle menner som hev fyllt tjuge år!» - soleis som Herren hadde sagt med Moses. Israels-sønerne som for frå Egyptarland, det var. 5Ætti etter Ruben, eldste son åt Israel. Og Rubens-sønerne det var: Hanokitarne, ætti etter Hanok, pallu’itarne, ætti etter Pallu, 6hesronitarne, ætti etter Hesron, karamitarne, ætti etter Karmi. 7Dette var Rubens-ætterne, og av deim var det tri og fyrti tusund og sju hundrad og tretti mann som vart innskrivne i manntalet. 8Son åt Pallu heitte Eliab. 9Og borni åt Eliab heitte Nemuel og Datan og Abiram. Men Datan og Abiram, det var dei same som var valde til folketinget, og var med og yppa strid mot Moses og Aron den gongen Korah og flokken hans sette seg upp mot Herren, 10og jordi let upp gapet sitt og gløypte både deim og Korah, og elden gjorde ende på dei tvo hundrad og femti mennerne, so heile flokken umkomst og vart til eit varsl. 11Men sønerne åt Korah miste ikkje livet. 12Simeons-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Nemuelitarne, ætti etter Nemuel, jaminitarne, ætti etter Jamin, jakinitarne, ætti etter Jakin, 13zerahitarne, ætti etter Zerah, sa’ulitarne, ætti etter Sa’ul. 14Dette var Simeons-ætterne, tvo og tjuge tusund og tvo hundrad mann. 15Gads-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Sefonitarne, ætti etter Sefon, haggitarne, ætti etter Haggi, sunitarne, ætti etter Suni, 16oznitarne, ætti etter Ozni, eritarne, ætti etter Eri, 17aroditarne, ætti etter Arod, arelitarne, ætti etter Areli. 18Dette var Gads-ætterne; dei var etter manntalet fyrti tusund og fem hundrad mann. 19Av borni åt Juda døydde tvo i Kana’ans-landet; dei heitte Er og Onan. 20Dei hine Juda-sønerne det var, etter ætterne deira: Selanitarne, ætti etter Sela, parsitarne, ætti etter Peres, zerahitarne, ætti etter Zerah. 21Og Peres-sønerne det var, etter ætterne deira: Hesronitarne, ætti etter Hesron, hamulitarne, ætti etter Hamul. 22Dette var Juda-ætterne. Av deim vart seks og sytti tusund og fem hundrad mann skrivne i rullorne. 23Issakars-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Tola’itarne, ætti etter Tola, punitarne, ætti etter Puvva, 24jasubitarne, ætti etter Jasub, simronitarne, ætti etter Simron. 25Dette var Issakars-ætterne. Av deim var det fire og seksti tusund og tri hundrad mann som vart mynstra. 26Sebulons-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Sarditarne, ætti etter Sered, elonitarne, ætti etter Elon, jahle’elitarne, ætti etter Jahle’el. 27Dette var Sebulons-ætterne. Av deim vart det mynstra seksti tusund og fem hundrad mann. 28Sønerne åt Josef med ætterne sine var Manasse og Efraim. 29Manasse-sønerne det var: Makiritarne, ætti etter Makir. Makir fekk sonen Gilead; frå honom var gileaditarne ætta. 30Gileads-sønerne det var: I’ezritarne, ætti etter I’ezer, helkitarne, ætti etter Helek, 31asrielitarne, ætti etter Asriel, sikmitarne, ætti etter Sekem, 32semida’itarne, ætti etter Semida, hefritarne, ætti etter Hefer. 33Men Selofhad, son åt Hefer, hadde ingi søner, berre døtter, og namni på døtterne hans var Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa. 34Dette var Manasse-ætterne. Av deim var det tvo og femti tusund og sju hundrad mann som vart innskrivne. 35Efraims-sønerne det var, etter ætterne deira: Sutalhitarne, ætti etter Sutelah, bakritarne, ætti etter Beker, tahanitarne, ætti etter Tahan. 36Og Sutelah-sønerne det var: Eranitarne, ætti etter Eran. 37Dette var Efraims-ætterne; dei var tvo og tretti tusund og fem hundrad mann som vart skrivne. Det var Josefs-sønerne etter ætterne deira. 38Benjamins-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Balitarne, ætti etter Bela, asbelitarne, ætti etter Asbel, ahiramitarne, ætti etter Ahiram, 39sufamitarne, ætti etter Sefufam, hufamitarne, ætti etter Hufam. 40Og Bela-sønerne var: Arditarne og na’amanitarne; ætterne etter Ard og Na’aman. 41Dette var Benjamins-sønerne etter ætterne deira; av deim var det fem og fyrti tusund og seks hundrad mann som stod i manntalet. 42Dans-sønerne det var, etter ætterne deira: Suhamitarne, ætti etter Suham. Dette var Dans-ætterne etter ættetavla deira; 43Suhamit-ætterne var etter manntalet i alt fire og seksti tusund og fire hundrad mann. 44Assers-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Jimnitarne, ætti etter Jimna, jisvitarne, ætti etter Jisvi, beri’itarne, ætti etter Beria. 45Og Beria-sønerne det var: Hebritarne, ætti etter Heber, malkielitarne, ætti etter Malkiel. 46Dotter åt Asser heitte Serah. 47Dette var Assers-ætterne; av deim stod det tri og femti tusund og fire hundrad mann i rullorne. 48Naftali-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Jahse’elitarne, ætti etter Jahse’el, gunitarne, ætti etter Guni, 49jisritarne, ætti etter Jeser, sillemitarne, ætti etter Sillem. 50Dette var Naftali-ætterne etter ættetalet deira; av deim vart det innskrive fem og fyrti tusund og fire hundrad mann. 51So mange var det som vart mynstra av Israels-sønerne, seks hundrad og eitt tusund og sju hundrad og tretti mann. 52Og Herren sagde til Moses: 53«Åt desse skal landet skiftast ut til eigedom, etter folketalet. 54Den som hev mykje folk, skal du gjeva mykje land, og den som hev lite folk mindre; kvar ætt skal få so mykje land som han hev våpnføre menner. 55Landet skal skiftast på den måten at dei dreg strå um bygderne, og alle som hev same ættarnamnet, skal få sin eigedom i same bygdelaget. 56Kvar skal få det som fell på honom etter strået, men den som hev mykje folk, skal få meir enn den som hev lite; soleis skal landet bytast millom deim.» 57Levi-ætterne det var etter manntalet: Gersonitarne, ætti etter Gerson, kahatitarne, ætti etter Kahat, meraritarne, ætti etter Merari. 58Desse ættgreinerne var det i Levi-ætti: Libnitarne, hebronitarne, mahlitarne, musitarne, korahitarne. Kahat var far åt Amram. 59Kona åt Amram heitte Jokebed; ho var dotter åt Levi og fødd i Egyptarland. Amram fekk med henne sønerne Aron og Moses, og Mirjam, syster deira. 60Og Aron fekk sønerne Nadab og Abihu, Eleazar og Itamar. 61Men Nadab og Abihu døydde då dei bar uvigd eld fram for Herrens åsyn. 62Av levitarne vart tri og tjuge tusund innskrivne i manntalet, alle karfolk som var yver ein månad gamle. Dei vart ikkje talde saman med dei hine Israels-borni, av di dei ikkje fekk nokon odel millom deim. 63Dette var dei som Moses og Eleazer, øvstepresten, talde då dei mynstra Israels-sønerne på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko. 64Millom deim fanst det ingen som Moses og Aron, øvstepresten, hadde skrive inn i manntalet då dei mynstra Israels-sønerne i Sinaiheidi. 65For Herren hadde sagt at dei skulde døy i øydemarki, og no var det ingen annan att enn Kaleb, son åt Jefunne, og Josva, son åt Nun.