1So gjekk han ut i båten og for yver og kom til sin eigen by. 2Då kom dei til honom med ein lam mann, som låg i ei seng. Då Jesus såg trui deira, sagde han til den lame: «Ver hugheil, son! Syndene dine er tilgjevne.» 3Då var det nokre av dei skriftlærde som tenkte med seg: «Denne spottar Gud!» 4Men Jesus såg tankarne deira og sagde: «Kvi hyser de so vonde tankar i hjarta? 5Kva er lettast å segja: «Synderne dine er tilgjevne,» eller: «Statt upp og gakk?» 6Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi» - so segjer han til den lame: «Statt upp, tak sengi og gakk heim att!» 7Då stod han upp og gjekk heim til seg. 8Og då folket såg det, vart dei ottefulle, og lova Gud som hadde gjeve menneskje slik magt. 9Då Jesus gjekk lenger fram, fekk han sjå ein mann som sat på tollbudi - Mattæus heitte han - og sagde til honom: «Fylg meg!» Og han stod upp og fylgde Jesus. 10Då han so heldt måltid heime i huset sitt, kom mange tollmenner og syndarar og sette seg til bords med Jesus og læresveinarne hans. 11Farisæarane såg det og sagde til læresveinarne: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollmenner og syndarar?» 12Då Jesus høyrde det, sagde han: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som hev vondt. 13Gakk burt og lær kva som ligg i det ordet: «D’er miskunn, ikkje offer, eg hev hugnad i.» For eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.» 14Då kom læresveinarne åt Johannes til honom og sagde: «Korleis hev det seg at me og farisæarane fastar so mykje, men dine læresveinar fastar ikkje?» 15Jesus svara: «Kann bryllaupsfolket syrgja medan dei hev brudgomen hjå seg? Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; då skal dei fasta. 16Ingen set ein lapp av ustampa ty på eit gamalt klædeplagg; for boti riv med seg noko av sjølve plagget, og rifti vert større. 17Og ikkje hev dei ny vin i gamle lerflaskor; for då rivnar flaskorne, so vinen renn ned, og flaskorne forferst; ny vin hev dei i nye lerflaskor; då held dei seg båe.» 18Med han tala soleis til deim, kom ein synagoge-forstandar og fall på kne for honom og sagde: «Rett no hev dotter mi slokna; men kom og legg handi di på henne, so livnar ho att!» 19Jesus gjorde seg reidug og gjekk med honom, og læresveinarne og. 20Då kom det ei kvinna, som hadde havt blodflod i tolv år; ho gjekk innåt honom attantil og tok i ein av duskarne på kjolen hans, 21for ho tenkte med seg: «Kann eg berre få taka i kjolen hans, so er eg berga.» 22I det same snudde han seg og såg henne. Då sagde han: «Ver hugheil, dotter! Trui di hev hjelpt deg.» Og kvinna vart god att i same stundi. 23Då Jesus kom heim til synagoge-forstandaren og såg fløytelåtarane og hopen som ståka og våla, sagde han til deim: 24«Gakk burt! Gjenta er ikkje slokna; ho søv.» Men dei berre log åt honom. 25Då hopen var driven ut, gjekk han inn, og tok henne i handi, og gjenta stod upp. 26Og gjetordet um dette kom ut yver alle bygderne der ikring. 27Då Jesus gjekk burt att, fylgde tvo blinde etter honom og ropa: «Gjer sælebot på oss, du Davids son!» 28Og då han var komen heim, gjekk dei etter han inn. Jesus sagde til deim: «Trur de at eg kann gjera det?» «Ja, herre,» svara dei. 29Då tok han burtpå augo deira og sagde: «Det skal verta som de trur.» 30Og med ein gong kunde dei sjå. Jesus tala strengt til deim og sagde: «Sjå til at ingen fær vita det!» 31Men dei var ’kje fyrr komne ut, fyrr dei bar gjetordet hans ut yver alle bygder. 32Med same dei gjekk ut, kom det nokre folk til honom med ein mållaus mann som hadde ei vond ånd i seg. 33Då so den vonde åndi var drivi ut, tala den mållause. Og folk undra seg og sagde: «Aldri hev slikt vore set fyrr i Israel!» 34Men farisæarane sagde: «Det er djevlehovdingen sjølv som hjelper honom til å driva djevlarne ut.» 35Sidan gjekk Jesus kring i alle byar og bygder og lærde folket i synagogorne deira, og lyste ut evangeliet um Gudsriket, og lækte all sjukdom og vanhelsa. 36Og då han såg folkehopen, tykte han hjarteleg synd um deim; for dei var ille medfarne og nedforkomne, som ein saueflokk utan hyrding. 37Då sagde han til læresveinarne sine: «Grøda er stor, men onnefolki er få. 38Bed då honom som eig grøda at han vil senda arbeidsfolk til å hausta inn grøda si!»