1Då han gjekk ned av fjellet, fylgde det mykje folk med honom. 2Best det var, kom ein som hadde spillsykja, og fall på kne for honom og sagde: «Herre, dersom du vil, so kann du gjera meg rein.» 3Jesus rette ut handi, og tok burt på honom og sagde: «Eg vil; vert rein!» Då vart han med ein gong fri spillsykja, og rein. 4Og Jesus sagde til honom: «Sjå til at du ikkje segjer dette med nokon, men gakk burt og te deg for presten, og ber fram det offeret som Moses hev sagt fyre, so du kann vitna for deim!» 5Då han so gjekk inn i Kapernaum, kom ein hovudsmann og tala til honom og sagde: 6«Herre, drengen min ligg lam heime, og lid hardt.» 7«Skal eg koma og lækja honom?» segjer Jesus. 8«Herre,» svara hovudsmannen, «eg er ikkje verd at du stig inn under mitt tak. Men seg berre eit ord, so vert drengen min god att! 9For eg er ein mann som må lyda deim som større er, og sjølv hev eg og hersveinar under meg, og segjer eg til ein av deim: «Gakk!» so gjeng han, og til ein annan: «Kom!» so kjem han, og til tenaren min: «Gjer no det!» so gjer han det.» 10Då Jesus høyrde det, undra han seg, og sagde til deim som var med honom: «Det segjer eg dykk for sant: So stor ei tru hev eg ikkje funne hjå nokon i Israel. 11Og det skal de vita, at mange skal koma både frå aust og frå vest og setja seg til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket; 12men dei som riket var etla åt, skal ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.» 13So sagde han til hovudsmannen: «Gakk heim att! Det skal verta som du trudde.» Og drengen vart god att i same stundi. 14Då Jesus kom heim til Peter, såg han at vermor hans låg sjuk og hadde hiteflagor. 15So tok han henne i handi; då kvarv hiteflagorne burt, og ho stod upp og stelte for honom. 16Um kvelden kom dei til honom med mange som var forgjorde og hadde vonde ånder i seg, og han dreiv ut ånderne med eit einaste ord, og alle som hadde vondt, gjorde han gode att. 17Soleis skulde det sannast det som Jesaja, profeten, hev tala, når han segjer: «Han våre sotter på seg tok, og våre sykjor bar.» 18Då Jesus såg at det hadde samla seg mykje folk ikring honom, sagde han til læresveinarne: «Lat oss fara yver til hi sida!» 19I det same kom ein skriftlærd mann til honom og sagde: «Meister, eg vil fylgja deg kvar du fer.» 20Då svara Jesus: «Revarne hev hi, og fuglarne i lufti hev reir, men Menneskjesonen hev ingen stad han kann leggja sitt hovud nedpå.» 21Ein annan - ein av læresveinarne hans - sagde med honom: «Herre, lat meg fyrst få ganga heim og jorda far min!» 22Men Jesus svara: «Fylg du meg, og lat dei daude jorda sine daude!» 23So gjekk han ut i båten, og læresveinarne var med. 24Um eit bil vart det so hard sjø at bårorne slo yver båten; men han låg og sov. 25Då gjekk dei burt til honom og vekte honom og sagde: «Herre, hjelp! Me gjeng under!» 26«Kvi er de so rædde?» sagde han; «kor lite tru de hev!» So stod han upp og truga vinden og sjøen, og det vart blikende stilt. 27Og folk undra seg og sagde: «Kva mann er dette, at både vind og sjø må lyda honom?» 28Då han kom yver på hi sida, til Gadarenarlandet, møtte han tvo forgjorde, som kom ut or gravholorne; dei var so ville og vonde at ingen kunde koma fram den vegen. 29Og best det var, sette dei i og ropa: «Kva vil du oss, du Guds Son? Er du komen hit for å plåga oss fyre tidi?» 30Eit godt stykke ifrå gjekk ein stor svineflokk på beite. 31So bad ånderne: «Driv du oss ut, so lat oss fara i svineflokken!» 32«Gjer so då!» svara han. Då for dei ut og for inn i svini. Og brått sette heile flokken utyver stupet og ned i sjøen og druknast. 33Gjætarane rømde, og då dei kom til byen, fortalde dei alt saman, og sagde korleis det hadde gjenge med dei forgjorde. 34Då gjekk alt byfolket ut imot Jesus, og då dei fekk sjå honom, bad dei at han vilde fara burt ifrå bygderne deira.