1So kalla han til seg dei tolv læresveinarne sine, og gav deim magt yver ureine ånder, so dei kunde driva deim ut, og kraft til å lækja all sjukdom og vanhelsa. 2So er namni på dei tolv apostlarne: Fyrst Simon, han som kallast Peter, so Andreas, bror hans, og Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans, 3Filip og Bartolomæus, Tomas og Mattæus, tollmannen, Jakob, son åt Alfæus, og Lebbæus, 4Simon Kananæus og Judas Iskariot, den same som sveik honom. 5Desse tolv var det Jesus sende ut, og han rettleidde deim og sagde: «Tak ikkje vegen til heidningarne, og gakk ikkje inn i nokon av samaritan-byarne! 6Gakk heller til dei forkomne lambi av Israelshuset! 7Og kvar de kjem, so gjer kunnigt at himmelriket er nær! 8Læk helselause, vekk upp daude, gjer spillsjuke reine, driv ut djevlar! For inkje hev de fenge det, for inkje skal de gjeva det. 9Tak ikkje med dykk gull eller sylv eller kopar i belti dykkar, 10ikkje ferdaskreppa, ikkje tvo trøyor, ikkje skor, ikkje stav! For ein arbeidsmann er kosten sin verd. 11Kvar gong de kjem til ein by eller ei grend, so høyr etter kven der er som er verd å taka imot dykk, og hjå honom skal de vera til de tek ut att. 12Når de kjem inn i eit hus, so lys velsigning yver det, 13og er huset verdt det, so skal det få den velsigningi de hev lyst, men er det ikkje verdt det, so skal velsigningi koma attende til dykk. 14Og er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk og ikkje vil høyra på ordi dykkar, so gakk ut att or det huset eller den byen, og rist dusti av føterne dykkar! 15det segjer eg dykk for visst: På domedag skal det ganga Sodoma- og Gomorralandet likare enn den byen. 16Sjå no eg sender dykk liksom sauer inn i ulveflokken; ver då kloke som ormen og godtrugne som duva! 17Tak dykk i vare for folk! For dei kjem til å gjeva dykk yver til domstolarne og hudfletta dykk i synagogorne sine, 18og for kongar og landshovdingar skal dei føra dykk fram for mi skuld, so de skal vitna for deim og for heidningarne. 19Men når dei dreg dykk for retten, so syt ikkje for korleis eller kva de skal tala! Ordi de skal tala, skal de få i same stundi. 20For det er ikkje de som talar; det er åndi åt far dykkar som talar i dykk. 21Bror skal senda bror i dauden, og faren barnet sitt, og born skal standa fram mot foreldri sine, og valda at dei lyt døy. 22Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld: men den som held ut til endes, han skal verta frelst. 23Når dei då søkjer etter dykk i ein by, so røm til ein annan! For det segjer eg dykk for visst: De vinn ikkje vitja alle byarne i Israel fyrr Menneskjesonen kjem. 24Læresveinen er ikkje yver meisteren, og tenaren er ikkje yver husbonden sin. 25Det lyt vera nok for læresveinen at han vert som meisteren sin, og for tenaren at han vert som husbonden. Hev dei kalla husbonden Be’elsebul, kann so husfolket venta det betre? 26Ver då ikkje rædde deim! For ingen ting er løynt anna det ein gong kjem upp, og ingen ting dult anna det ein gong vert kjent. 27Det som eg segjer dykk i myrkret, skal de tala i ljoset, og det som vert kviskra i øyra på dykk, skal de ropa ut på taki. 28Ottast ikkje dei som drep likamen, men ikkje kann drepa sjæli! Ottast heller honom som kann tyna både sjæl og likam i helvite! 29Sel dei ikkje tvo sporvar for ein skilling? Og ikkje ein av deim fell ned på jordi utan Far dykkar vil. 30Og jamvel alle håri på hovudet dykkar er talde. 31So ver ikkje rædde! De er meir enn mange sporvar. 32Den som då kjennest ved meg for folk, honom skal eg og kjennast ved for far min i himmelen; 33Men den som avneittar meg for folk, honom skal eg og avneitta for far min i himmelen. 34De må ’kje tru eg er komen for å føra fred ned på jordi! Eg er ’kje komen med fred, men med sverd. 35Eg er komen for å setja ufred millom far og son, og millom mor og dotter, og millom vermor og sonekona, 36og mannen skal få sin eigen huslyd til uven. 37Den som hev far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg, og den som hev son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg, 38og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg. 39Den som vinn livet sitt, skal missa det, og den som misser livet for mi skuld, skal vinna det. 40Den som tek imot dykk, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot honom som sende meg. 41Den som tek imot ein profet for di han er ein profet, skal få same løni som ein profet, og den som tek imot ein rettferdig for di han er rettferdig, skal få same løni som ein rettferdig. 42Og den som gjev ein av desse små um det er ’kje anna enn ei skål med kaldt vatn, for di han er min læresvein, han skal på ingen måte missa løna si, det segjer eg dykk for visst.»