1Då dei kom burtimot Jerusalem, til Betfage og Betania ved Oljeberget, sende Jesus tvo av læresveinarne sine i veg og sagde til deim: 2«Gakk burt i den grendi som ligg beint framfor dykk! Med det same de kjem der, finn de ein fole som stend bunden, og som det endå aldri hev sete noko menneskje på; den skal de løysa og koma hit med! 3Og dersom nokon segjer med dykk: «Kvi gjer de det?» so skal de svara: «Herren treng um honom, og sender honom straks attende.»» 4So gjekk dei og fann folen; han stod bunden uti gata attmed ei dør, og dei løyste honom. 5Nokre folk som stod der, sagde til deim: «Kva gjer de? løyser de folen?» 6Dei svara so som Jesus hadde sagt; då let folket deim ganga. 7So kom dei til Jesus med folen og lagde kjolarne sine på honom, og Jesus sette seg uppå. 8Og mange breidde klædi sine på vegen, andre strådde lauv, som dei hadde henta frå marki. 9Og dei som gjekk fyre, og dei som fylgde etter, ropa: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn! 10Velsigna vere vår fader Davids rike som kjem! Hosianna i det høgste!» 11So kom han til Jerusalem og gjekk inn i templet. Der såg han seg ikring allstad; men då det tok til å kvelda, gjekk han ut til Betania med dei tolv. 12Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, kjende han seg svolten. 13Langt burte såg han eit fiketre med lauv på; han gjekk burtåt, og vilde sjå um han kunde finna noko på det; men då han kom dit, fann han ’kje anna enn lauv; for det var ikkje tidi for fikor. 14Då tala han til treet og sagde: «Gjev aldri i verdi nokon må koma til å eta frukt av deg meir!» Og det høyrde læresveinarne på. 15Då dei kom til Jerusalem, gjekk han inn i templet og tok til å driva ut deim som handla i heilagdomen; han velte bordi åt pengevekslarane og krakkarne åt deim som selde duvor, 16og let ingen få lov til å bera nokon reidskap gjenom templet. 17Og han lærde deim og sagde: «Stend det ’kje skrive: «Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk?» Men de hev gjort det til eit røvarbol.» 18Dei øvste prestarne og dei skriftlærde fekk høyra det, og lurde på korleis dei skulde få teke livet av honom; dei var rædde honom; for alle folk var hugtekne av læra hans. 19Men når det leid til kvelds, gjekk han alltid ut or byen. 20Då dei tidleg um morgonen gjekk framum fiketreet, såg dei at det hadde turka radt ifrå roti. 21Peter kom i hug dei ordi Jesus hadde lyst, og sagde: «Meister, sjå fiketreet som du banna, hev turka!» 22Då tok Jesus til ords og sagde: «Hav tru til Gud! 23Det segjer eg dykk for sant: Um nokon segjer til dette fjellet: Lyft deg upp og kasta deg ut i havet! og ikkje hev tvil i hjarta, men trur at det vil ganga som han segjer, so skal det ganga som han vil. 24Difor segjer eg dykk: Kva de bed um og ynskjer etter, so tru visst at de alt hev fenge det - då fær de det! 25Og når de stend og bed, og hev noko imot einkvan, so tilgjev honom det! Då skal og far dykkar i himmelen tilgjeva dykk for misgjerningarne dykkar! 26Men um de ikkje tilgjev, skal ikkje heller far dykkar i himmelen tilgjeva dykkar misgjerningar.» 27So kom dei til Jerusalem att. Og med han gjekk ikring i templet, kom dei øvste prestarne og dei skriftlærde og styresmennerne burt til honom 28og sagde: «Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven gav deg retten til å gjera det?» 29«Eg vil spyrja dykk um ein ting,» sagde Jesus. «Svara meg, so skal eg segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette: 30Var dåpen åt Johannes frå himmelen eller frå menneskje? Svara meg!» 31Då lagde dei yver med kvarandre og sagde: «Svarar me: «Frå himmelen,» so segjer han: «Kvi trudde de honom då ikkje?» 32Lat oss heller svara: «Frå menneskje!»» men det torde dei ikkje for folket; for alle trudde at Johannes var retteleg ein profet. 33So svara dei honom: «Det veit me ikkje.» «Då segjer ikkje eg dykk heller kva rett eg hev til å gjera dette,» sagde Jesus.