1So tok han til å tala til deim i likningar: «Det var ein mann som laga seg ein vingard, og sette gjerde kringum, og grov ei vinpersa, og bygde eit tårn; so leigde han hagen burt til brukarar og for utanlands. 2Då tidi kom, sende han ein svein til brukarane, og vilde få noko av det som var avla i vingarden. 3Men brukarane greip sveinen og dengde honom, og sende honom burt med tome hender. 4So sende han ein annan svein til deim; den slo dei i hovudet og hædde honom. 5Og han sende ein til; honom slo dei i hel. Og mange fleire: sume skamslo dei, og sume drap dei. 6No hadde han berre ein att, ein son, som han heldt hjarteleg av. Til slutt sende han honom og til brukarane; «Dei hev no vel age for son min!» tenkte han. 7Men brukarane sagde seg imillom: «Der er ervingen! Kom, lat oss slå honom i hel, so fær me arven!» 8So tok dei honom og slo honom i hel og kasta honom ut or vingarden. 9Kva skal han no gjera, han som eig vinhagen? Han skal koma og gjera ende på brukarane og lata andre få vingarden. 10Hev de ’kje lese dette skriftordet heller: «Den steinen byggjarane vanda, Den var det som vart hyrnestein; 11D’er Herren sjølv som so hev gjort det; For oss er det eit under stort?»» 12Då vilde dei ha gripe honom, for dei skyna at det var deim han hadde meint med likningi si. Men dei torde ikkje for folket. So let dei honom vera og gjekk sin veg. 13Sidan sende dei nokre av farisæarane og Herodes-mennerne, som skulde fanga honom i ord. 14Dei kom og sagde til honom: «Meister, me veit du er ærleg og ikkje bryr deg um nokon; for du gjer ikkje skil på folk, men lærer oss sanningi um Guds veg - er det rett å svara skatt til keisaren, eller ikkje? Skal me gjera det, eller skal me lata vera? 15Men skyna vel hyklingi deira og sagde: «Kvi freistar de meg? Kom med ei sylvmynt, og lat meg få sjå henne!» 16So kom dei med ei, og han spurde: «Kva er dette for eit bilæte og namn?» «Det er keisarens,» svara dei. 17Då sagde han til deim: Gjev keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!» Og dei undrast mykje yver honom. 18So kom det nokre sadducæarar til honom - det er dei som segjer at det ikkje er noko uppstoda - dei tok til å spyrja honom og sagde: 19«Meister, Moses hev skrive den lovi for oss at når bror åt ein mann døyr barnlaus, og kona liver etter, då skal broren taka enkja og halda uppe ætti åt bror sin. 20No var det var ein gong sju brør. Den fyrste tok seg ei kona; han døydde, og det var ’kje born etter honom. 21So tok den andre enkja; han og døydde barnlaus. Like eins den tridje, 22og alle sju; ingen av deim hadde born etter seg. Sist av alle døydde kona. 23Kven av deim skal ho vera kona åt i eit anna liv, når dei hev stade upp att? For alle sju hev havt henne til kona.» 24«Syner ’kje dette at de fer vilt, og ikkje kjenner skrifterne og ikkje Guds magt?» svara Jesus. 25«Når dei hev stade upp frå dei daude, gifter dei seg ikkje, og vert ikkje burtgifte; dei er som englarne i himmelen. 26Men um dei avlidne - at dei skal standa upp att - hev de ’kje lese i boki åt Moses, i soga um klungeren, korleis Gud sagde til honom: «Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud?» 27Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei livande. De tek storleg i mist.» 28Ein skriftlærd, som lydde på ordskiftet deira, og skyna at Jesus hadde svara deim godt, kom og spurde honom: «Kva for eit bod er det fyrste av alle?» 29Jesus svara: «Det fyrste er: «Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er ein. 30Og du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt hjarta og av all din hug og av alt ditt vit og av all di magt! Det er det fyrste bodet.» 31Det andre er dette: Du skal elska grannen din som deg sjølv! Det finst ikkje noko anna bod som er større enn desse.» 32«Vel tala du, meister,» sagde den skriftlærde, «og sant er det som du sagde, at han er ein og det finst ingen annan Gud enn han. 33Å elska honom av alt sitt hjarta og av alt sitt vit og av all si magt, og elska grannen sin som seg sjølv, det er meir enn alle brennoffer og slagtoffer.» 34Då Jesus høyrde kor visleg han svara, sagde han til honom: «Du er ikkje langt frå Guds rike.» Sidan torde ingen spyrja honom meir. 35Medan Jesus lærde folket i heilagdomen, tok han ein gong soleis til ords: «Korleis kann dei skriftlærde segja at Messias er Davids son? 36Sjølv sagde David - han fekk det frå den Heilage Ande -: «Herren sa til herren min: «Sit ved høgre handi mi, Til eg dine fiendar Fær for dine føter lagt!»» 37David kallar honom sjølv herre; korleis kann han då vera son hans?» Ålmugen høyrde gjerne på Jesus. 38Millom anna som han lærde deim, sagde han: «Tak dykk i vare for dei skriftlærde, som likar å ganga i lange kjolar, og vil helsast på torgi 39og hava dei fremste sessarne i synagogorne og høgste sæti i gjestebod; 40dei som et upp huset for enkjor og held lange bøner for syns skuld. Dei skal få so mykje strengare dom.» 41Ein gong sette han seg midt imot tempelkista, og såg på med folk lagde pengar i kista; og mange rike lagde mykje. 42So kom det ei fatig enkja og lagde tvo skjervar, det er so mykje som ein øyre. 43Då kalla han læresveinarne til seg og sagde: «Det segjer eg dykk for sant: Denne fatige enkja hev lagt meir enn alle dei som lagde i kista. 44For dei gav alle av nøgdi si; men ho gav av si fatige råd alt det ho åtte, alt ho hadde til å livberga seg med.»