1So tok han ut derifrå, og for til Juda-bygderne og bygderne på hi sida Jordan. Og folket samla seg att ikring honom, og han lærde deim, som han var van med. 2Då kom det nokre farisæarar og spurde honom: «Tru ein mann hev lov til å skilja seg frå kona si?» Det var for å freista honom dei spurde um det. 3«Kva hev Moses sagt dykk fyre?» sagde Jesus. 4«Moses gav lov til å skriva eit skilsmålsbrev og senda henne frå seg,» svara dei. 5Då sagde han til deim: «Av di de er so hardhjarta, skreiv Moses den lovi for dykk. 6Men alt ifrå fyrste skapingstidi gjorde Gud deim til mann og kvinna. 7Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si, 8og dei tvo skal vera eitt kjøt. So er dei då ikkje lenger tvo, men eitt kjøt, 9og det som Gud hev bunde i hop, det skal ikkje menneskja skilja.» 10Heime spurde læresveinarne honom att um det same. 11Då sagde han til deim: «Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei onnor, bryt egteskapet med henne, og gjer hor. 12Og dersom ho skil seg frå mannen sin, og gifter seg med ein annan, gjer ho hor.» 13Og dei bar småborn til honom, so han skulde røra ved deim, men læresveinarne truga deim som bar deim. 14Då Jesus såg det, vart han harm og sagde til deim: «Lat småborni koma til meg; hindra deim ikkje! for Guds rike høyrer slike til. 15Det segjer eg dykk for sant: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, han skal på ingen måte koma inn i det.» 16So tok han deim i fanget og lagde henderne på deim og velsigna deim. 17Då han kom ut på vegen, sprang det ein fram og fall på kne for honom og spurde: «Gode meister, kva skal eg gjera so eg kann vinna eit æveleg liv?» 18«Kvi kallar du meg god?» sagde Jesus. «Ingen er god utan ein - Gud! 19Bodi kjenner du: «Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt! Du skal ikkje slå under deg annan manns eigedom! Du skal æra far din og mor di!»» 20«Meister,» svara han, «alt det hev eg halde frå eg var ung.» 21Då såg Jesus på honom og fekk honom kjær. So sagde han: «Eitt vantar deg: Gakk burt og sel alt det du hev, og gjev det til dei fatige, so fær du ein skatt i himmelen; og kom so og fylg meg!» 22Ved det ordet for det ein skugge yver andlitet hans, og han gjekk sturen burt; for han åtte mykje. 23Då såg Jesus kringum seg og sagde til læresveinarne sine: «Kor vandt det er for den som eig mykje å koma inn i Guds rike!» 24Læresveinarne stokk yver ordi hans. Men Jesus tok til ords att og sagde: «Kor vandt det er, borni mine, å koma inn i Guds rike for deim som set si lit til rikdom! 25Det er lettare for ein kamel å ganga gjenom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike! 26Då vart dei endå meir forfærde. «Kven kann då verta frelst?» ropa dei. 27Jesus såg på deim og sagde: «For menneskje er det umogelegt, men ikkje for Gud; for alt er mogelegt for Gud.» 28Då tok Peter til ords og sagde til honom: «Enn me som hev skilt oss med alt og fylgt deg!» 29Og Jesus svara: «Det segjer eg dykk for sant: Det er ingen hev skilt seg med heim eller brør eller syster eller mor eller far eller born eller gardar for mi og evangeliet skuld, 30utan han skal få det att hundrad gonger - no i denne tidi heim og brør og syster og møder og born og gardar, alt um han jamt er i fåre, og i den verdi som kjem eit æveleg liv. 31Men mange som no er med dei fyrste, skal då vera millom dei siste, og dei siste millom dei fyrste. 32No var dei på vegen upp til Jerusalem. Jesus gjekk fyre deim, og dei undrast, og dei som fylgde, var fulle av otte. Då samla han atter dei tolv ikring seg, og tok til å tala til deim um det som skulde henda honom: 33No fer me upp til Jerusalem, og Menneskjesonen skal gjevast i henderne på dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og dei skal døma honom frå livet og gjeva honom yver til heidningarne; 34og dei skal spotta honom og sputta på honom og hudfletta honom og drepa honom; men tri dagar etter skal han standa upp att.» 35Jakob og Johannes, sønerne åt Sebedæus, kom til honom og sagde: «Meister, det er noko me vil beda deg um! Vil du gjera det for oss?» 36«Kva vil de eg skal gjera for dykk?» sagde han. 37«Lova oss at me skal få sitja innmed deg i din herlegdom, ein på di høgre og ein på di vinstre sida!» svara dei. 38«De veit ikkje kva de bed um,» sagde Jesus. Kann de drikka den skåli som eg drikk, eller taka den dåpen som eg tek?» 39«Ja, det kann me,» sagde dei. Då sagde Jesus til deim: «Den skåli eg drikk, skal de drikka, den dåpen eg fær, skal de få; 40men sætet ved mi høgre eller vinstre sida er det ikkje mi sak å gjeva burt; det lyt dei få som det er etla åt.» 41Då dei ti høyrde det, tok dei til å harmast på Jakob og Johannes. 42Då kalla Jesus deim til seg og sagde: «De veit at dei som gjeld for fyrstar, råder yver folki sine, og stormennerne deira heldt deim i age. 43Men so er det ikkje hjå dykk; den som vil vera stor millom dykk, lyt tena dei andre, 44og den som vil vera den fyrste av dykk, lyt vera træl for dykk alle. 45For Menneskjesonen er ’kje heller komen for å tenast, men for å tena og gjeva sitt liv til løysepening for mange.» 46So kom dei til Jeriko. Då Jesus tok ut att frå Jeriko med læresveinarne sine og ein svær folkehop, sat son åt Timæus, Bartimæus, ein blind tiggar, attmed vegen, 47og då han høyrde det var Jesus frå Nasaret, tok han på å ropa: «Jesus, Davids son, gjer sælebot på meg!» 48Mange truga honom, og sagde han skulde tegja; men han ropa berre endå meir: «Davids son, gjer sælebot på meg!» 49Jesus stana og sagde: «Ropa honom hit!» Då ropa dei på den blinde og sagde til honom: «Ver hugheil! Reis deg upp! Han ropar på deg!» 50So kasta han av seg kjolen og spratt upp og kom burt til Jesus. 51Og Jesus sagde til honom: «Kva vil du eg skal gjera for deg?» «Meister, lat meg få att syni!» svara den blinde. 52Då sagde Jesus til honom: «Gakk heim att! Trui di hev hjelpt deg.» Og med ein gong fekk han att syni, og fylgde Jesus på vegen.