1Då tok Job til ords og svara: 2«Um dei mitt mismod vega vilde og få ulukka mi på vegti, 3det tyngjer meir enn havsens sand; difor var ordi mine ville. 4For Allvalds pilar sit i meg, mi ånd lyt suga deira gift; Guds rædslor reiser seg til åtak. 5Skrik asnet vel i grøne eng? Og rautar uksen ved sitt for? 6Kven et det smerne utan salt? Kven finn vel smak i eggjekvite? 7Det byd meg mot å røra slikt, det er som min utskjemde mat. 8Å, fekk eg uppfyllt bøni mi! Gav Gud meg det eg vonar på! 9Ja, vild’ han berre knusa meg, med hand si min livstråd slita! 10Då hadde endå eg mi trøyst; trass pina skulde glad eg hoppa! - Den Heilage sitt ord eg held på. 11Kva er mi kraft, at eg skuld’ vona? Mi framtid, at eg skulde tola? 12Er krafti mi som steinen sterk? Er kanskje kroppen min av kopar? 13Mi hjelp hev heilt forlate meg; all kvart stydjepunkt er frå meg teke. 14Ein rådlaus treng av venen kjærleik, um enn han ottast Allvald ei. 15Som bekken brørne mine sveik, lik bekkjefar som turkar ut. 16Fyrst gruggast dei av bråna is, og snø som blandar seg uti, 17men minkar so i sumarsoli, og kverv til slutt burt i sumarhiten. 18Vegfarande vik av til deim, men kjem til øydemark og døyr. 19Kjøpmenn frå Tema skoda dit, flokkar frå Saba vonar trygt; 20men svikne vert dei i si von; dei narra vert når dei kjem fram. 21So hev de vorte reint til inkjes, de rædsla såg, og rædde vart! 22Hev eg då bede dykk um noko? Bad eg dykk løysa meg med gods? 23og frelsa meg frå fiendvald og kjøpa meg frå røvarar? 24Gjev meg eit svar, so skal eg tegja; seg meg kva eg hev synda med! 25Eit rettvis ord er lækjebot; men last frå dykk er inkje verdt. 26Du lastar meg for ordi mine; men vonlaus mann so mangt kann segja. 27De kastar lut um farlaust barn, og handel driv um dykkar ven. 28Vilde de berre sjå på meg! Trur de eg lyg dykk upp i augo? 29Vend um, lat ikkje urett skje! Vend um, enn hev eg rett i dette. 30Finst det vel fals på tunga mi? Kann ei min gom ulukka smaka?