1Ja, mannen hev ein strid på jordi; hans dagar gjeng som leigedagar. 2Som trælen lengtar etter skugge, og leigekar på løni ventar, 3so fekk eg månader av vonbrot og næter fulle utav møda. 4Eg segjer når eg gjeng til kvile: «Når skal eg atter standa upp?» Og kvelden vert so lang, so lang: Eg ligg uroleg alt til dagsprett. 5Og makk og sår min likam dekkjer, og hudi skorpnar og bryt upp att. 6Mi tid fer snøggar’ enn ein skutel, og ho kverv utan nokor von. 7Hugs på: mitt liv er som ein pust; mitt auga ser ’kje lukka meir. 8Snart er eg løynd for alle augo; du fåfengt stirer etter meg. 9Som skyi framum fer og kverv, so ingen att frå helheim vender, 10snur ei attende til sitt hus; hans heimstad kjenner han ’kje meir. 11Difor vil ’kje munnen stagga, men tala i min djupe hugverk og klaga i mi sjælenaud. 12Er eg eit hav, er eg ein drake, med di du vaktar so på meg? 13Eg tenkjer: «Lægjet skal meg lindra, og sengi letta suti mi» - 14då skræmer du meg upp med draumar, og støkkjer meg med ville syner, 15so at eg heller ville kjøvast, ja døy, enn vera slik ei beingrind. 16D’er nok! Eg liver ikkje æveleg; Haldt upp! Mitt liv er som ein pust. 17Kva er ein mann, at du han vyrder og retter tanken din på honom, 18heimsøkjer honom kvar ein morgon, ransakar honom kvar ei stund? 19Når tek du frå meg auga ditt? Meg slepper med eg svelgjar råken? 20Hev eg gjort synd, kva gjer eg deg, du som på mannen vaktar stødt? Kvi hev du meg til skiva valt? So eg hev vorte meg ei byrd? 21Kvi gjev du ikkje syndi til? Kvi ansar du på mine brot? No sig eg snart i moldi ned; og leitar du, so er eg burte.»