1Rop berre du; kven svarar deg? Kva engel vil du beda til? 2Mismod slær fåvis mann i hel og brennhug den som lite veit. 3Eg såg ein dåre festa rot, og brått eg laut hans bustad banna. 4Hans søner hjelpelaus var, uhjelpte trakka ned i porten. 5Hans avling åt dei svoltne upp, dei tok ho tråss i klungergjerde, og snara lurde på hans gods. 6Men naudi ei frå dusti kjem; ulukka ei or jordi renn; 7nei, mannen vert til møda fødd, som gneistarne lyt fljuga høgt. 8Eg vilde venda meg til Gud og leggja saki fram for honom, 9som storverk gjer som ei me skynar, fleir’ underverk enn me kann telja, 10som sender regnet ned på jord og vatnet yver mark og eng, 11som lyfter låg og liten upp og hjelper syrgjande til frelsa, 12som spiller planen for dei sløge, so deira hender inkje duger, 13som fangar vismann i hans vit, so listig råd forrenner seg. 14Um dagen støyter dei på myrker, trivlar ved middag som ved natt. 15Frå sverd frelser han frelser fatigmann, frå deira munn, frå yvervald, 16so vesalmann fær hava von, men vondskap lata munnen att. 17Men sæl den mann som Gud mun refsa; vanvyrd ei tukt frå Allvalds-Gud! 18Han sårar, men bind og umkring; han slær men lækjer med si hand. 19Seks trengslor bergar han deg or, i sju skal inkje vondt deg nå. 20I hunger fri’r han deg frå dauden, i krig du undan sverdet slepp; 21for tungesvipa er du berga, og trygg du er i tap og tjon; 22du lær åt tjon og hungersnaud og ottast ikkje ville dyr; 23du samband hev med stein på marki, og fred med villdyr uti heidi. 24Du merkar at ditt tjeld hev fred, og inkje vantar i ditt hus. 25Du ser, ditt sæde tallrikt er, ditt avkom rikt som gras på eng. 26I mannskraft til di grav du gjeng, lik korn, køyrt inn i rette tid. 27Det hev me granska; so det er; so høyr og merka deg det då!»