1Sylv hev sin stad, der dei det finn, og gullet, som dei reinsa vinn, 2og jarn fram or jordi fær, og kopar ut or steinen bræ’r; 3På natteskuggen gjer dei slutt og myrkheims steinar granskar ut. 4Djupt under by med annsamt liv i gruvor bergmenn kliv og sviv. 5På jordi brødkorn fram dei driv, men inni upp som eld dei riv. 6Safiren sit i steinar der, og der seg og gullklumpar ter, 7Ei ørnen kjenner denne veg, for haukesyn han løyner seg. 8Ei stolte rovdyr vegen fann, og løva aldri gjeng på han. 9På harde steinen dei handi legg; då sturtar mang ein bergevegg. 10I berget seg gangar grev og skodar mang ein skatt so gjæv. 11Dei dytter til for rennand’ å, det løynde fram for ljoset må. 12Men visdomen, kvar er han å få? Og kvar skal ein vitet nå? 13Slett ingen veit hans verd og vinst; i manneheim han ikkje finst; 14Avgrunnen dyn: «Her ei han er!» Og havet segjer: «Ikkje her!» 15Du kann ’kje kjøpa han for gull, men sylv ei vega prisen full, 16og ei for gull ifrå Ofir, ei for onyks, ei for safir. 17Ei gull og glas er nok til kaup, og ei til byte fingull-staup. 18Korall, krystall gjeld ikkje her. Visdom er meir enn perlor verd. 19Topas frå Kus er altfor ring, ja, reinast gull vert ingen ting. 20Visdomen, kvar kjem han ifrå? Og kvar skal ein til vitet nå? 21Det ingen veit på denne jord; ei fugl det fann, kvar helst han for. 22Avgrunn og daude segjer greidt: «Eit gjetord er alt det me veit.» 23Men Gud han kjenner denne veg; han veit kvar visdom løyner seg. 24Han skodar heilt til heimsens tram, og under himmeln ser han fram. 25Då vinden han med vegti vog og sette mål for vatnet og, 26då han gav regnet lovi si og ljomet veg å ganga i, 27då såg han og synte fram og granska honom umhugsam. 28Til menneskja han sagde so: «I Herrens otte visdom sit, og fly det vonde, det er vit.»»