1Job heldt fram med talen sin og sagde: 2«So sant Gud liver, som meg sveik, og Allvalds som meg volde sorg 3- for endå eg min ande dreg; i nosi mi er guddomspust -: 4Urett ligg ei på mine lippor; mi tunga talar ikkje svik. 5D’er langt frå meg å gje’ dykk rett, mi uskyld held eg fast til dauden. 6Mi rettferd held eg fast uskjepla, eg ingen dag treng skjemmast ved. 7Min fiend’ skal seg syna gudlaus, min motstandar som urettferdig. 8Kva von hev en gudlaus att, når Gud vil sjæli or han draga? 9Vil Gud vel høyra skriket hans, når trengsla bryt innyver honom? 10Kann han i Allvald vel seg gleda? Kann han kvar tid påkalla Gud? 11Eg um Guds hand vil læra dykk; kva Allvald vil, det dyl eg ikkje. 12Sjå dette hev det alle set; kvi talar de då tome ord? 13Den lut fær gudlause av Gud, den arven valdsmann fær av Allvald. 14Til sverdet veks hans søner upp; hans avkom mettast ei med brød; 15dei siste legst i grav ved pest, og enkjorne held ingi klaga. 16Og um han dyngjer sylv som dust og samlar klæde liksom leir: 17Den rettvise tek klædi på; skuldlause skifter sylvet hans. 18Han byggjer huset sitt som molen, likt hytta vaktmannen set upp. 19Rik legg han seg - men aldri meir; han opnar augo - og er burte. 20Som vatsflaum rædsla honom tek, ved natt riv stormen honom burt. 21Han driv av stad for austanvind, som blæs han frå hans heimstad burt. 22Han utan miskunn på han skyt; frå handi hans han røma må. 23Med hender klappar dei åt han og pip han frå hans heimstad burt.