1For den skuld bøygjer eg mine kne, eg, Paulus, Kristi Jesu fange for dykk heidningar - 2um de elles hev høyrt um hushaldet med den Guds nåde som eg hev fenge for dykk, 3at han ved openberring kunngjorde meg den løyndomen so som eg ovanfor hev skrive med få ord, 4so de av det, når de les det, kann sjå mitt skyn på Kristi løyndom, 5som i forne tidebolkar ikkje hev vorte kunngjord for menneskjeborni, so som han no er openberra for hans heilage apostlar og profetar ved Anden: 6at heidningarne er medervingar og høyrer med til likamen og hev lut med i lovnaden i Kristus Jesus ved evangeliet, 7det som eg vart tenar for etter den Guds nådegåva som eg hev fenge ved verknaden av hans magt. 8Eg, den aller ringaste av alle dei heilage, fekk denne nåden, å forkynna heidningarne evangeliet um Kristi uransakelege rikdom 9og upplysa alle um korleis hushaldet er med den løyndomen som frå ævelege tider hev vore løynd i Gud, som hev skapt alle ting, 10for di at Guds mangfaldige visdom no gjenom kyrkja skulde verta kunngjord for magterne og herredømi i himmelen, 11etter den fyresetning frå ævelege tider som han fullførde i Kristus Jesus, vår Herre, 12han som me hev fenge fritt mod ved og tilgjenge med tillit ved trui på honom. 13Difor bed eg at de ikkje må tapa modet ved dei trengslor eg lid for dykk, og som er dykkar æra. - 14For den skuld bøygjer eg mine kne for Faderen, 15som er den rette fader for alt som heiter barn i himmelen og på jordi, 16at han etter rikdomen av sin herlegdom må gjeva dykk å verta styrkte med kraft ved hans Ande i dykkar indre menneskje, 17at Kristus må bu ved trui i dykkar hjarto, [Stu21: 18] so de, rotfeste og grunnfeste i kjærleik, 18må magtast å fata med alle dei heilage, kva breidd og lengd og dypt og høgd det er, 19og kjenna Kristi kjærleik, som gjeng yver all kunnskap, so de kann verta fyllte til all Guds fylla. 20Men honom som er megtig til å gjera yver alle ting, ovlangt yver det som me bed um eller skynar, etter den kraft som er verksam i oss, 21honom vera æra i kyrkja og i Kristus Jesus gjenom alle ætter i alle ævor! Amen.