1Ogso dykk hev han gjort livande, de som var daude i dykkar misgjerningar og synder, 2som de fordom ferdast i etter tidarfaret i denne verdi, etter hovdingen yver hermagti i lufti, den åndi som no verkar i borni til vantrui, 3og millom deim ferdast og me alle fordom i vårt kjøts lyster, då me gjorde det som kjøtet og tankarne vilde, og var av naturi vreidens born liksom dei andre. 4Men Gud, som er rik på miskunn, hev for sin store kjærleik skuld, som han elska oss med, 5gjort oss livande med Kristus, endå me var daude i våre misgjerningar - av nåde er de frelste! - 6og vekt oss upp med honom og sett oss med honom i himmelen, i Kristus Jesus, 7so han i dei komande tider kunde visa den ovstore rikdomen av sin nåde ved godleik imot oss i Kristus Jesus. 8For av nåde er de frelste, ved tru, og det ikkje av dykk, det er Guds gåva, 9ikkje av gjerningar, so ikkje nokon skal rosa seg. 10For me er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar, som Gud fyreåt emna til, so me skulde ferdast i deim. 11Kom difor i hug, at de som fordom var heidningar i kjøtet og var kalla fyrehud av det dei kallar umskjering, den på kjøtet, som vert gjord med handi, 12at de på den tid var utan Kristus, utestengde frå Israels borgarskap og framande for pakterne med deira lovnad, utan von og utan Gud i verdi. 13Men no, i Kristus Jesus er de som fordom var langt burte, komne nær til ved Kristi blod. 14For han er vår fred, han som gjorde dei tvo til eitt og braut ned det gjerdet som var skilveggen, fiendskapen, 15då han ved sitt kjøt avlyste den lovi som kom med bod og fyresegner, so han ved seg sjølv kunde skapa dei tvo til eitt nytt menneskje, med di han gjorde fred, 16og forlika deim båe tvo i ein likam med Gud ved krossen, då han på denne slo fiendskapen i hel. 17Og han kom og forkynte fred for dykk som var langt burte, og fred for deim som var nær. 18For ved han hev me båe tvo i ein Ande tilgjenge til Faderen. 19So er de no ikkje lenger framande og utlendingar, men medborgarar med dei heilage og Guds husfolk, 20uppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men Jesus Kristus er sjølv hyrnesteinen, 21som kvar bygning vert samanbunden ved og veks upp til eit heilagt tempel i Herren, 22og i honom vert de og uppbygde med dei andre til ein Guds bustad i Anden.