1Eg legg dykk då på hjarta, eg den bundne i Herren, at de må ferdast so som verdigt er for det kallet som de vart kalla med, 2med all audmykt og spaklynde, med langmod, so de toler kvarandre i kjærleik 3og legg vinn på å halda Andens einskap i fredsens samband: 4Ein likam og ein Ande, liksom de og er kalla med ei von i dykkar kall, 5ein Herre, ei tru, ein dåp, 6ein Gud og Fader til alle, han som er yver alle og gjenom alle og i alle. 7Men kvar og ein av oss hev fenge nåden etter det målet som Kristi gåva vert mælt med. 8Difor segjer Skrifti: «Han for upp i det høge og førde burt fangar og gav menneski gåvor.» 9Men det at han for upp, kva er det, utan at han og fyrst for ned til lægderne på jordi? 10Han som for ned, han er den same som for upp yver alle himlar, for at han skulde fylla alt. 11Og det er han som gav oss sume til apostlar, sume til profetar, sume til evangelistar, sume til hyrdingar og lærarar, 12so dei heilage kunde verta fullt tilbudde til å gjera tenesta, til å byggja upp Kristi likam, 13til dess me alle saman når fram til einskapen i trui og i kjennskapen til Guds Son, til mogen manndom, til aldersmålet for Kristi fylla, 14so me ikkje lenger skal vera umynduge og lata oss kasta og driva um av kvar lærdoms vind ved meinspel av menneski, ved sløgd i illråder som dei villfarande finn på, 15men at me, true mot sanningi i kjærleik, i alle måtar skal veksa upp til honom som er hovudet, Kristus, 16so heile likamen, samanknytt og samanfest ved kvart band som han gjev, veks sin vokster som likam ut ifrå honom til si uppbyggjing i kjærleik, alt etter den verksemd som er tilmælt kvar lem. 17Dette segjer eg då og vitnar i Herren, at de ikkje lenger må ferdast som heidningarne ferdast i sin hugs fåfengd, 18formyrkte i sin tanke, framande vortne for Guds liv ved den vankunna som er i deim for deira forherde hjarto skuld, 19med di dei hev vorte tykkjelause og hev gjeve seg til ulivnad, til all ureinskaps gjerd med havesykja. 20Men de hev ikkje lært soleis um Kristus, 21um de elles hev høyrt um honom og er upplærde i honom, so som sanning er i Jesus: 22at de etter dykkar fyrre livsferd skal leggja av det gamle menneskje, som vert tynt ved dei dårande lyster, 23men verta uppnya ved Anden i dykkar hug 24og klæda dykk i det nye menneskje, som er skapt etter Gud med den rettferd og heilagdom som sanningi verkar. 25Legg difor av lygni og tala sanning kvar med sin næste, av di me er kvarannans lemer. 26Vert de vreide, so synda ikkje! Lat ikkje soli ganga ned yver dykkar harm! 27Og gjev ikkje djevelen rom! 28Den som stal, stele ikkje lenger, men arbeide heller og gjere noko godt med sine hender, so han kann hava noko å gjeva til dei trengande. 29Ingen roten tale koma ut or dykkar munn, men slik tale som er god til naudsynleg uppbyggjing, so det må vera til gagn for deim som høyrer på, 30og gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, han som de hev fenge til innsigle til utløysingsdagen! 31All illska og villska og vreide og skriking og spotting vere langt ifrå dykk liksom all vondskap! 32Men ver gode mot kvarandre, miskunnsame, so de tilgjev kvarandre, liksom og Gud hev tilgjeve dykk i Kristus.