1Er de då uppreiste med Kristus, so søk det som er der uppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand! 2Hav hug til det som er der uppe, ikkje til det som er på jordi! 3For de er daude, og dykkar liv er løynt med Kristus i Gud. 4Når Kristus, vårt liv, vert openberra, då skal de og verta openberra med honom i herlegdom. 5So døyd då dykkar jordiske lemer: Utukt, ureinskap, ovhug, vond lyst og havesykje, som er avgudsdyrking! 6for desse ting kjem Guds vreide yver dei vantruande; 7millom deim ferdast de og fordom, den tid de livde i desse ting; 8men no skal de og leggja deim alle av: Vreide, illska, vondskap, spotting, skamleg tale av dykkar munn. 9Ljug ikkje mot kvarandre, de som hev klædt av dykk det gamle menneskje med dei gjerningar det gjer, 10og iklædt dykk det nye, som vert uppnya til kunnskap etter sin skapars bilæte; 11her er ikkje grækar og jøde, umskjering og fyrehud, barbar, skyte, træl, fri mann, men Kristus er alt og i alle. 12Klæd dykk då, som er Guds utvalde, heilage og kjære i hjarteleg miskunn, godleik, audmykt, spaklynde, langmod, 13so de toler kvarandre og tilgjev kvarandre, um nokon hev kjæremål imot nokon! som Kristus tilgav dykk, soleis de og! 14Men attåt alt dette klæd dykk i kjærleiken, som er bandet um fullkomenskapen! 15Og Kristi fred råde i dykkar hjarto, den som de vart kalla til i ein likam, og ver takksame! 16Lat Kristi ord bu rikleg hjå dykk, so de lærer og påminner kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege visor, og syng yndeleg i dykkar hjarto for Gud. 17Og alt som de gjer i ord eller gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved honom! 18De konor, ver mennerne dykkar undergjevne, so som det sømer seg i Herren! 19De menner, elska konorne dykkar og ver ikkje beiske imot deim! 20De born, lyd foreldri dykkar i alle ting! for det er Herren til hugnad. 21De feder, arga ikkje dykkar born, so dei ikkje skal missa modet! 22De tenarar, ver lyduge i alle ting mot herrarne dykkar etter kjøtet, ikkje med augnetenesta, liksom dei som strævar etter å tekkjast menneskje, men i hjartans einfelde, med di de ottast Herren! 23Det de gjer, gjer det av hjarta, so som for Herren og ikkje for menneskje, 24då de veit at de skal få arven til løn av Herren. Ten Herren Kristus! 25Men den som gjer urett, skal få den urett att som han gjorde, og det vert ikkje gjort skil på folk.