1De herrar, gjer imot dykkar tenarar det som rett og rimelegt er, då de veit at de og hev ein Herre i himmelen! 2Ver trottige i bøni, so de vaker i henne med takksegjing! 3Og bed for oss med, at Gud må opna oss ei dør for ordet til å forkynna Kristi løyndom, den som eg og er i lekkjor for, 4so eg kann openberra honom so som eg bør tala. 5Ferdast visleg med deim som er utanfor, so de kjøper den laglege tid! 6Dykkar tale vere alltid tekkjeleg, krydda med salt, so de veit korleis de skal svara kvar og ein. 7Kor det gjeng meg, det skal Tykikus kunngjera dykk alt saman, han min kjære bror og true medhjelpar og medtenar i Herren, 8som eg sender til dykk just for dette, at de skal få vita korleis det er med oss, og han skal trøysta dykkar hjarto, 9saman med Onesimus, den trune og kjære bror, som er ifrå dykk. Korleis det er her, det skal dei kunngjera dykk alt saman. 10Aristarkus, min medfange, helsar dykk, og Markus, Barnabas’ systkinbarn, som de fekk påbod um - når han kjem til dykk, so tak imot honom! - 11og Jesus som og er kalla Justus; desse er av dei umskorne dei einaste medarbeidarar for Guds rike som hev vorte meg til hugge. 12Epafras helsar dykk, han som er ifrå dykk, ein Kristi Jesu tenar som alltid strider for dykk i sine bøner, at de må standa fullkomne og fullvisse i all Guds vilje; 13for eg gjev honom det vitnemål, at han hev mykje stræv for dykk og deim i Laodikea og deim i Hierapolis. 14Lukas helsar dykk, den kjære lækjaren, og Demas. 15Helsa brørne i Laodikea, og Nymfas og kyrkjelyden i hans hus! 16Og når dette brevet er lese hjå dykk, so syt for at det og vert lese i kyrkjelyden hjå laodikearane, og at de fær lesa brevet frå Laodikea! 17Og seg til Arkippus: «Tak vare på den tenesta som du hev motteke i Herren, so du fullfører henne!» 18Helsing med mi, Paulus’, hand: Kom i hug mine lekkjor! Nåden vere med dykk!