1For eg vil at de skal vita kor stor strid eg hev for dykk og deim i Laodikea og so mange som ikkje hev set mitt andlit i kjøtet, 2so deira hjarta må verta trøysta, med di dei vert samanknytte i kjærleik og vinn fram til heile rikdomen av det fullvisse skyn, til kunnskap um Guds løyndom, det er Kristus, 3han som alle skattar av visdom og kunnskap er løynde i. 4Dette segjer eg for at ingen skal dåra dykk med lokkande tale. 5For um eg enn i kjøtet er fråverande, er eg like vel i åndi saman med dykk, og ser med gleda dykkar gode skipnad og den faste grunn i dykkar tru på Kristus. 6Liksom de då tok imot Kristus Jesus som Herren; so ferdast i honom, 7so at de er rotfeste og vert uppbygde i honom og stadfeste i trui, so som de lærde, rike på henne med takksegjing. 8Sjå til at det ikkje må vera nokon som gjer dykk til herfang med verdsleg visdom og tom dåring etter fråsegner av menneskje, etter barnelærdomen til verdi og ikkje etter Kristus! 9For i honom bur heile guddomsfylla likamleg. 10Og de er fyllte i honom, som er hovudet yver all magt og yverråd; 11i honom vart de og umskorne med ei umskjering som ikkje er gjord med hender, ved avklæding av kjøtslikamen, ved Kristi umskjering, 12då de vart gravlagde med honom i dåpen; der vart de og uppvekte med honom ved trui på Guds kraft, han som vekte honom upp frå dei daude. 13Ogso dykk, som var daude i dykkar misgjerningar og dykkar kjøts fyrehud, gjorde han livande med honom, med di han tilgav oss alle våre misgjerningar 14og strauk ut skuldbrevet mot oss, som var skrive med bodord, det som vitna imot oss, og han rudde det undan med di han nagla det til krossen. 15Han avvæpna magterne og yverråderne og synte deim openberrleg fram då han vann siger yver deim på krossen. 16Lat difor ingen døma dykk i mat eller drykk eller i saker um høgtid eller nymåne eller kviledag! 17desse ting er berre ein skugge av det som skulde koma; men likamen høyrer Kristus til. 18Lat ingen røva sigersprisen frå dykk, um nokon freistar på det med audmykt og engledyrking, med det han fer med syner, vert ovmodig utan grunn av sin kjøtlege hug 19og ikkje held fast ved hovudet, han som heile likamen veks Guds vokster ut ifrå, tilhjelpt og samanfest ved sine ledmot og band. 20Er de avdøyde med Kristus frå barnelærdomen til verdi, kvi gjev dei dykk då, som um de skulde liva i verdi, slike bod: 21«Du skal ikkje taka, ikkje smaka, ikkje røra» 22- det vil segja slikt som då alt saman er etla til øyding ved bruk - etter bod og lærdomar av menneskje, 23som vel hev ord for visdom ved sjølvgjord dyrking og audmykt og vyrdløysa mot likamen, men ikkje ved noko som er æra verdt, berre til mette for kjøtet?