1Og David samrådde seg med dei øvste herførarane og underførarane, med alle hovdingarne. 2Og David sagde til heile Israels-lyden: «I fall de so finn fyre, og um dette er ifrå Herren, vår Gud, so lat oss senda bod til alle kantar åt dei andre brørne våre i alle Israels bygder, og dessutan åt prestarne og levitarne i dei byarne som dei hev bumark ikring, at dei skal koma saman hjå oss. 3Og lat oss flytja kista åt vår Gud hit til oss! For i Sauls dagar spurde me ikkje etter henne.» 4Og heile lyden svara at dei skulde gjera det; for alt folket lika denne rådi. 5So samla då David heile Israel ifrå kvisli frammed Egyptarlandet og alt dit der vegen gjeng til Hamat, at dei skulde føra Guds kista frå Kirjat-Jearim. 6Og David for med heile Israel upp til Ba’ala, til Kirjat-Jearim, som høyrer til Juda, med den etlingi å føra upp kista åt Gud Herren, han som tronar yver kerubarne, og som ho hev fenge namnet sitt etter. 7Og dei sette Guds kista på ei ny vogn og førde henne burt frå huset hans Abinadab, og Uzza og Ahjo køyrde vogni. 8Og David og heile Israel leika for Gud av all si magt med song og med cithrar, harpor, trummor, cymblar og trompetar. 9Men då dei kom til treskjestaden hans Kidon, rette Uzza ut handi og vilde fata i kista; for uksarne snåva. 10Då vart Herren brennande harm på Uzza, og han slo honom for di han hadde rett ut handi si åt kista, so han døydde der for Guds åsyn. 11Men David vart ille ved, av di Herren soleis hadde slege ned Uzza, og han kalla den staden Peres-Uzza, som det heiter den dag i dag. 12Og David fekk ei slik rædsla for Gud den dagen, at han sagde: «Kor kann eg våga føra Guds kista til meg?» 13Difor flutte ikkje David kista til seg i Davidsbyen, men sette henne inn i huset åt gatiten Obed-Edom. 14Guds kista vart då verande ved huset hans Obed-Edom, der ho stod i sitt eige hus i tri månader; men Herren velsigna Obed-Edoms hus og alt det som høyrde honom til.