1Og Hiram, kongen i Tyrus, sende folk til David med cedertre, og dessutan murarar og timbremenner til å byggja eit hus åt honom. 2Og David skyna at Herren hadde stadfest honom til konge yver Israel; for han hadde lyft kongedømet høgt for sitt folk Israel skuld. 3Og David tok seg endå fleire konor i Jerusalem, og David fekk endå fleire søner og døtter. 4Dette er namni på dei sønerne han fekk i Jerusalem: Sammua og Sobab, Natan og Salomo, 5Jibhar og Elisua og Elpelet 6og Nogah og Nefeg og Jafia 7og Elisama og Be’eljada og Elifelet. 8Men då filistarane høyrde at David var salva til konge yver heile Israel, tok dei ut alle saman og skulde leita etter David. Då David fekk høyrde det, for han ut imot deim. 9Filistarane kom og spreidde seg utyver i Refa’imsdalen. 10Då spurde David Gud: «Skal eg draga upp imot filistarane? Vil du då gjeva deim i mi hand?» Herren svara: «Drag upp, eg vil gjeva deim i di hand.» 11Og dei tok ut til Ba’al-Perasim, og der vann David yver deim. Då sagde David: «Gud hev brote igjenom fiendarne mine med mi hand, liksom vatn bryt igjenom.» Difor fekk den staden namnet Ba’al-Perasim. 12Dei let etter seg gudarne sine der, og David sagde at dei skulde brennast upp. 13Men filistarane kom endå ein gong og spreidde seg utyver i dalen. 14Då so David spurde Gud att, svara Gud honom: «Du skal ikkje fara imot deim; kringsett deim attanfrå, so du kjem yver deim ifrå den sida der bakatrei stend! 15So snart som du då høyrer ljoden av stig i toppen på bakatrei, skal du leggja ut i strid; for då fer Gud fyre deg og vil slå filistarheren.» 16Og David gjorde som Gud hadde bode honom, og dei slo filistarheren og sette etter deim alt ifrå Gibeon og til Gezer. 17Og gjetordet um David gjekk yver alle land, og Herren let det koma rædsla for honom yver alle folki.