1Og dette er dei som kom til David i Siklag, medan han endå heldt seg undan Saul Kisson; dei var av dei kjemporne som hjelpte han i striden. 2Dei var væpna med boge og føre til å slyngja stein og skjota piler frå bogen, både med høgre og vinstre handi. Av ættefrendarne hans Saul, av Benjamins-folket, var desse: 3Ahiezer, den hævaste, og Joas, søner åt Sema’a frå Gibea, Jezuel og Pelet, sønerne åt Azmavet, og Beraka, og Jehu frå Anatot, 4Jismaja frå Gibeon, ein av dei tretti kjemporne og hovding for dei tretti, Jirmeja og Jahaziel og Johanan og Josabad frå Gedera, 5Eluzai og Jerimot og Bealja og Semarja og Sefatja frå Harif, 6Elkana og Jissa og Azarel og Joezer og Jasobam, korahitarne, 7Joela og Zebadja, søner til Jeroham, frå Gedor. 8Og av gaditarne var det nokre som fall ifrå og gav seg med David i fjellborgi i øydemarki; det var djerve menner, herføre stridsmenner, væpna med skjold og spjot. Dei hadde ei uppsyn som løvor, og var rappe som gasellor på fjellet. 9Ezer var den hævaste; Obadja var den andre, Eliab den tridje, 10Mismanna den fjorde, Jirmeja den femte, 11Attai den sette, Eliel den sjuande, 12Johanan den åttande, Elzabad den niande, 13Jirmeja den tiande, Makbannai den ellevte. 14Desse var av Gads-sønerne og av dei hævaste i heren; den ringaste av deim var like god åleine som hundrad mann, og den gjævaste jamngod med tusund. 15Det var dei som gjekk yver Jordan den fyrste månaden då elvi gjekk yver breidderne, og som jaga av alle dalbuarne mot aust og mot vest. 16Av Benjamins- og Juda-sønerne kom det nokre menner til David alt til fjellborgi. 17Då gjekk David ut imot deim, og tok til ords og sagde til dei: «I fall de er meinte på fred og vil hjelpa meg, so er hugen min reidug til semja med dykk. Men kjem de og vil gjeva meg yver til fiendarne mine, endå det ingen urett er i mine hender, då sjå fedreguden vår på det og refse det!» 18Men anden greip Amasai, den hævaste av dei tretti, og han sagde: «Deg, David, høyrer me til, og i lag med deg, Isaisonen, vil me standa. Fred, fred vere med deg, og fred vere med hjelpesmennerne dine! For din Gud hev hjelpt deg.» Då tok David imot deim og sette deim til hovdingar yver herflokken. 19Av Manasse var det og nokre som gav seg med David då han drog ut i lag med filistarane til strid mot Saul, endå han sidan ikkje fekk hjelpa deim; for då filisterhovdingarne hadde halde samråd, sende dei honom burt, med di dei sagde: «Det stend um hovudet for oss um han gjeng yver til Saul, herren sin.» 20Då han so for til Siklag, gav desse av Manasse seg med honom: det var Adna, Jozabad, Jediael, Mikael, Jozabad, Elihu og Silletai, hovdingar for dei herflokkarne som høyrde til Manasse. 21Desse hjelpte David mot røvarflokkarne; for dei var djerve hermenner alle saman, og dei vart hovudsmenner i heren. 22For det kom dagstødt folk til David som vilde hjelpa honom, so herlægret hans til slutt vart ovleg stort, som eit Guds herlæger. 23Dette er talet på dei stridsbudde hermennerne som kom til David i Hebron og vilde gjeve honom Sauls kongedøme i hende etter Herrens bod: 24Juda-sønerne som bar skjold og spjot, seks tusund og åtte hundrad herbudde menner; 25Simeons-sønerne, stridsføre hermenner, sju tusund og eit hundrad; 26av Levi-sønerne fire tusund og seks hundrad; 27og dertil Jojada, hovdingen for Arons-ætti, og tri tusund og sju hundrad mann med honom, 28og Sadok, ein våpndjerv ungdom, og ætti hans, tvo og tjuge hovdingar; 29av Benjamins-sønerne, ættefrendarne hans Saul, tri tusund; for mengdi av deim heldt seg endå trutt til Sauls hus i den tidi; 30av Efraims-sønerne tjuge tusund og åtte hundrad herføre stridsmenner, namngjetne menner i ætterne sine; 31av eine helvti av Manasse-ætti attan tusund, som var nemde med namn og kom og skulde gjera David til konge; 32av Issakars-sønerne slike menner som hadde skyn på tidartekni, og visste kva Israel burde gjera; det var tvo hundrad hovdingar, og dertil alle ættefrendarne deira, som dei hadde styringi yver; 33av Sebulon femti tusund stridsføre menner, herbudde med alle slag våpn; dei flokka seg samheldige; 34av Naftali eit tusund hovdingar, og med deim sju og tretti tusund mann som var væpna med skjold og spjot; 35av danitarne åtte og tjuge tusund og seks hundrad herbudde menner; 36av Asser stridsføre og herbudde menner, fyrti tusund; 37og frå hi sida åt Jordan, av rubenitarne, gaditarne og andre helvti av Manasse-ætti, eit hundrad og tjuge tusund mann med alle slag våpn som er bruklege i strid. 38Alle desse hermennerne skipa seg i fylking og kom med hjartans godhug for David til Hebron og vilde gjera honom til konge yver heile Israel. Men alle hine av Israel var og sameinte i å gjera David til konge. 39Og dei var der hjå David i tri dagar og åt og drakk; for brørne deira hadde laga til åt deim. 40Dei som budde nær ved, alt upp til Issakar, Sebulon og Naftali, førde og nøgdi med føda til deim, på asen, kamelar, muldyr og uksar; grjonmat, fikekakor, rosinkakor, vin og olje, bufe og sauer; for det var gleda i Israel.