1Full av den Heilage Ande vende Jesus att ifrå Jordan, og Anden dreiv honom kring i øydemarki 2i fyrti dagar, alt med han vart freista av djevelen. I dei dagarne åt han ingen ting, og då dei var lidne, kjende han seg svolten. 3Då sagde djevelen til honom: «Er du Guds Son, so seg til denne steinen at han skal verta brød.» 4Jesus svara honom so: «Det stend skrive: «Menneskja liver ikkje berre av brød, men av kvart eit Guds ord.»» 5So førde djevelen honom upp på eit høgt fjell, og synte honom alle heimsens rike i ein augneblink, 6og sagde til honom: «Deg vil eg gjeva magt yver alt dette og alt gjævt og gildt som finst i desse riki; for det er lagt i mi hand, og eg gjev det åt kven eg vil; 7fell du no på kne og tilbed meg, so skal det vera ditt alt saman.» 8Men Jesus svara: «Det stend skrive: «Herren, din Gud, skal du tilbeda; honom og ingen annan skal du tena!»» 9So førde djevelen honom til Jerusalem, og sette honom ytst på tempeltaket og sagde til honom: «Er du Guds son, so kasta deg ned herifrå! 10For det stend skrive: «Han englarne sine bjoda skal at dei tek vare på deg vel,» 11og: «På hender dei deg bera skal, so aldri du på nokon stein skal turva støyta foten din.»» 12Då svara Jesus: «Det er sagt: «Du skal ikkje freista Herren, din Gud.»» 13Då djevelen soleis hadde freista honom på alle vis, gjekk han ifrå honom, og let honom vera i fred ei tid. 14So for Jesus attende til Galilæa, fyllt av den krafti som Anden gav honom, og ordet um honom kom ut yver alle bygderne der ikring. 15Han lærde i synagogorne deira, og alle rosa honom. 16Soleis kom han og ein gong til Nasaret, der han var uppalen, og gjekk inn i synagoga på kviledagen, som han var van med; han reiste seg og vilde lesa åt deim, 17og dei gav honom boki åt profeten Jesaja. Då han slo henne upp, fann han den staden der det stend: 18«Ja, Herrens Ånd er yver meg, for han hev salva meg te bera ut eit fagnadbod åt fatige; sendt hev han meg te ropa ut for fangar fridoms dag og lova blinde augneljoset klårt, te løysa deim som trælka er, or tvang, 19Te lysa ut eit hugnads-år frå Herren.» 20Då han hadde late att boki og gjeve henne til tenaren, sette han seg, og alle som i synagoga var, heldt augo sine feste på honom. 21So tok han til ords og byrja soleis: «I dag hev dette skriftordet sannast, som de sjølve kann høyra.» 22Og alle let vel um honom, og undra seg yver dei ovfagre ordi som kom frå hans munn. «Er ’kje dette son åt Josef?» sagde dei. 23Då sagde han til deim: «De vil visst segja med meg som det stend i ordtøket: «Lækjar, læk deg sjølv! Me hev høyrt um alt det som er gjort i Kapernaum - gjer no like eins her i fødesheimen din!» 24Men eg segjer dykk for sant,» heldt han fram: «Ingen profet er velkomen i heimbygdi si. 25Og det segjer eg dykk med sannom: Det var mange enkjor i Israel i Elias’ dagar, då himmelen var stengd i tri år og seks månader, so det vart stor svolt og naud i heile landet, 26og endå vart ’kje Elias send til nokor av deim, men berre til Sarepta i Sidonarlandet, til ei enkja der. 27Og det var mange spilte i Israel den tid profeten Elisa livde, og endå vart ingen av deim rein att, men berre Na’aman, syraren.» 28Då dei i synagoga høyrde det, vart dei alle brennande harme. 29Dei for upp og dreiv honom ut or byen og førde honom burt på bruni av det fjellet som byen deira var bygd på; der vilde dei støyta honom utyver. 30Men han gjekk midt igjenom flokken og for sin veg. 31So kom han ned til Kapernaum, ein by i Galilæa. Der lærde han folket på kviledagen; 32og dei var reint tekne av det han lærde deim, for det var magt i talen hans. 33I synagoga var det ein mann som hadde ei urein ånd i seg. Han sette i og ropa so høgt han kunde: 34«Hu! Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å gjera ende på oss? Eg veit kven du er - den Heilage frå Gud!» 35Jesus truga den vonde åndi og sagde: «Teg still, og far ut or honom!» So kasta åndi honom ned på jordi midt ibland deim og for ut or honom, men skadde honom ikkje. 36Då kom det ein otte yver alle, og dei sagde seg imillom: «Kva er dette for ord? Med mynd og magt talar han til dei ureine ånderne, og dei fer ut!» 37Og det gjekk gjetordet av honom utyver alle bygderne der ikring. 38So tok han ut frå synagoga, og gjekk heim til Simon. Vermor åt Simon låg sjuk og hadde sterke hiteflagor, og dei bad han vilde hjelpa henne. 39Han gjekk innåt, og stod uppyver henne og truga sotti; då slepte sotti henne, og straks reis ho upp og stelte for deim. 40Då soli gladde, kom alle til honom med sine sjuke, kva sjukdom dei so drogst med, og han lagde henderne på kvar ein av deim og lækte deim. 41Mange for det og vonde ånder utor, og dei hua og ropa: «Du er Guds son!» Men han truga deim og gav deim ikkje lov til å tala, av di dei visste han var Messias. 42Då det vart dag, drog han ut og for til ein øydestad. Folket leita etter honom, og då dei kom dit han var, freista dei å halda honom att, so han ikkje skulde ganga frå deim. 43Då sagde han til deim: «Eg lyt bera ut fagnadbodet um Guds rike til dei andre byarne og; for det vart eg send for.» 44Og han heldt ved og tala ordet i synagogorne i Galilæa.