1I det femtande styringsåret åt keisar Tiberius, med Pontius Pilatus var landshovding i Judæa, og Herodes fylkeskonge i Galilæa, og Filip, bror hans, fylkeskonge i Ituræa- og Trakonitis-landet, og Lysanias fylkeskonge i Abilene, 2og med Annas og Kajafas var øvsteprestar, kom Guds ord til Johannes, son åt Zakarja, i øydemarki. 3Då for han kring i heile Jordan-kverven, og ropa ut umvendingsdåp til forlating for synderne, 4som skrive stend i spådomsboki åt Jesaja, profeten: «Høyr han som ropar i heidi: «Rydje vegen for Herren, jamne stigarne hans! 5Kvart djuv skal fyllast, kvart fjell skal lægjast, og kvar ein haug; beint skal det verta det som krokut var, staupute vegen han skal verta slett, 6og kvart eit liv Guds frelsa skoda skal.»» 7Som no folket kom ut og vilde få honom til å døypa seg, sagde han til deim: «Orme-ungar, kven lærde dykk å røma frå vreiden som skal koma? 8Ber då frukter som høver med umvendingi, og gjev dykk ikkje til å tenkja som so: «Me hev Abraham til far!» for eg segjer dykk at Gud kann vekkja upp born åt Abraham av desse steinarne. 9Øksi ligg alt innmed roti på treet; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.» 10«Kva skal me då gjera?» spurde folket. 11Han svara deim: «Den som hev tvo trøyor, skal skifta med den som ingi hev, og den som hev mat, skal gjera sameleis.» 12Det kom og nokre tollmenner som vilde døypast, og sagde: «Meister, kva skal me gjera?» 13«Krev ikkje meir enn de er fyresagde!» svara han. 14Like eins var det nokre hermenner som spurde honom: «Kva skal då me gjera?» Då svara han: «De skal ikkje plåga folk eller truga pengar utav deim! De skal nøgja dykk med løni dykkar!» 15Men folket gjekk i venting, og alle tenkte um Johannes: «Tru han er Messias?» 16Då tok han til ords og sagde til alle: «Eg døyper dykk med vatn; men det kjem ein som er sterkare enn eg - eg er ikkje verdig å løysa skobandet hans; han skal døypa dykk med den Heilage Ande og eld. 17Han hev kasteskovli i handi, og skal gjera av låven sin, og samla kornet i stabburet sitt; men agnerne skal han brenna i ein eld som aldri sloknar.» 18Dette og mykje anna lagde han folket på hjarta, og kunngjorde evangeliet åt deim. 19Men då han tala til Herodes, fylkeskongen, for giftarmålet med Herodias, brorkona hans, og for alt det vonde han hadde gjort, 20so gjorde Herodes det og attpå alt, at han sette Johannes i fengsel. 21Då no alt folket vart døypt, og Jesus og var døypt, då hende det, med han bad, at himmelen opna seg, 22og den Heilage Ande dala ned yver honom i duveham, og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er son min, som eg elskar; deg hev eg hugnad i.» 23Jesus var um lag tretti år då han stod fram, og var, etter som dei meinte, son åt Josef, son åt Eli, 24son åt Mattat, son åt Levi, son åt Melki, son åt Jannai, son åt Josef, 25son åt Mattatias, son åt Amos, son åt Nahum, son åt Esli, son åt Naggai, 26son åt Ma’at, son åt Mattatias, son åt Sime’i, son åt Josek, son åt Joda, 27son åt Johanan, son åt Resa, son åt Zerubbabel, son åt Salatiel, son åt Neri, 28son åt Melki, son åt Addi, son åt Kosam, son åt Elmadam, son åt Er, 29son åt Josva, son åt Eliezer, son åt Jorim, son åt Mattat, son åt Levi, 30son åt Simeon, son åt Juda, son åt Josef, son åt Jonam, son åt Eljakim, 31son åt Melea, son åt Menna, son åt Mattata, son åt Natan, son åt David, 32son åt Isai, son åt Obed, son åt Boaz, son åt Salmon, son åt Nahson, 33son åt Amminadab, son åt Ram, son åt Hesron, son åt Peres, son åt Juda, 34son åt Jakob, son åt Isak, son åt Abraham, son åt Tarah, son åt Nahor, 35son åt Serug, son åt Re’u, son åt Peleg, son åt Eber, son åt Salah, 36son åt Kenan, son åt Arpaksad, son åt Sem, son åt Noah, son åt Lamek, 37son åt Metusalah, son åt Enok, son åt Jared, son åt Malalael, son åt Kenan, 38son åt Enos, son åt Set, son åt Adam, Guds son.