1Difor er du, menneskje, ikkje orsakande, kven du so er som dømer. For med di du dømer den andre, fordømer du deg sjølv, for du som dømer, gjer sjølv det same; 2men me veit at Guds dom, som sanning krev, er yver deim som gjer slikt. 3Men trur du det, du menneskje som dømer deim som gjer slikt og sjølv gjer det same, at du skal sleppa undan Guds dom? 4Eller vanvyrder du hans rikdom på godleik og tolmod og langmod, og veit ikkje at Guds godleik driv deg til umvending? 5Men med ditt hardlynde og ditt utbotferdige hjarta hopar du vreide yver deg på vreidens dag då Guds rettferdige dom vert openberr; 6for han skal gjeva kvar etter gjerningarne hans: 7deim som med trott i god gjerning søkjer herlegdom og æra og uforgjengelegdom, skal han gjeva ævelegt liv; 8men deim som er stridsame og ikkje lyder sanningi, men lyder urettferdi, skal timast vreide og harm. 9Naud og trengsla skal koma yver kvar menneskjesjæl som gjer det vonde, både jøde fyrst og so grækar. 10Men herlegdom og æra og fred skal timast kvar den som gjer det gode, både jøde fyrst og so grækar. 11For Gud gjer ikkje skil på folk: 12Alle som synda utan lovi, dei skal og verta fortapte utan lovi, og alle som synda under lovi, dei skal og verta dømde ved lovi. 13For ikkje dei som høyrer lovi, er rettferdige for Gud, men dei som gjer etter lovi, skal verta rettferdiggjorde. 14For når heidningarne som ikkje hev lovi, gjer av naturi det som lovi byd, so er dei seg sjølve ei lov, endå dei ikkje hev lovi. 15Dei syner at lovgjerningi er skrivi i hjarto deira, med de samvitet deira gjev sitt vitnemål, og tankarne seg imillom sakar eller orsakar deim 16- på den dagen då Gud skal døma det dulde hjå menneski, etter mitt evangelium ved Jesu Kristus. 17Men um du heiter jøde og lit på lovi og rosar deg av Gud 18og veit hans vilje og dømer um dei ymse ting med di du lærer av lovi, 19og trøyster deg til å vera vegvisar for blinde, ljos for deim som er i myrker, 20uppsedar for dårar, lærar for umynduge, då du hev den rette form for kunnskap og sanning i lovi: 21Du som soleis lærer ein annan, lærer du ikkje deg sjølv? Du som preikar at ein ikkje skal stela, stel du? 22Du som segjer at ein ikkje skal driva hor, driv du hor? Du som styggjest ved avgudar, ranar du avgudstempel? 23Du som rosar deg av lovi, du vanærar Gud med di du bryt lovi! 24For «Guds namn vert spotta millom heidningarne for dykkar skuld,» som skrive stend. 25For umskjeringi gjer vel gagn um du held lovi; men bryt du lovi, då hev di umskjering vorte til fyrehud. 26Um då ein u-umskoren liver etter lovbodi, skal ikkje då hans fyrehud verta rekna for umskjering? 27Og den som hev den naturlege fyrehud, men uppfyller lovi, skal døma deg som med bokstav og umskjering bryt lovi. 28For ikkje den er jøde som er det i synom, og ikkje heller er det umskjering som er det i synom, på kjøtet. 29Men den som er jøde i løyndom, han er jøde, og umskjering er hjarteumskjering i ånd, ikkje i bokstav. Ein slik hev ros, ikkje av menneskje, men av Gud.