1Kva fyremun hev so jøden? eller kva gagn er det i umskjeringi? 2Mykje i alle måtar! fyrst og fremst det at Guds ord vart gjeve deim til i vareign. 3For korleis er det? um sume var utrue, skulde då deira utruskap gjera Guds truskap til inkjes? 4Nei, langt ifrå! Lat det standa fast at Gud er sannordig, men kvart menneskje ein ljugar, som skrive stend: «At du må finnast rettferdig i dine ord, og vinna når du fører di sak.» 5Men um vår urettferd syner Guds rettferd, kva skal me då segja? Er vel Gud urettferdig når han fører vreiden sin yver oss? Eg talar på menneskjevis. 6Nei, langt ifrå! Korleis kunde då Gud døma verdi? 7Ja, men um no Guds sannleik ved mi lygn synte seg ovstor til hans æra, kvi vert då eg endå dømd som ein syndar? 8Og skal me ikkje då - som me vert spotta for, og som sume segjer at me lærer - gjera det vonde, so det gode kann koma utav det? Rettferdig er den domen som slike fær yver seg. 9Kva då? Hev me nokon fyremun? Nei, slett ikkje; for me hev fyrr klaga både jødar og grækarar for at dei er under synd alle saman, 10so som skrive stend: «Det finst ingen rettferdig, ikkje ein heller; 11det finst ikkje den som er vitug, det finst ikkje den som søkjer Gud. 12Alle er avvikne, dei er udugande vortne alle saman; det finst ikkje nokon som gjer godt, det finst ikkje ein einaste. 13Ei opna grav er strupen deira, med tungorne sine gjorde dei svik, orme-eiter er under lipporne deira. 14Deira munn er full av bannskap og beiska. 15Deira føter er snare til å spilla blod. 16Øyding og usæla hev deira vegar, 17og freds veg kjenner dei ikkje. 18Ingen age for Gud dei heve for augo.» 19Men me veit at alt det som lovi segjer, det talar ho til deim som hev lovi, so kvar munn skal tagna og all verdi verta saka for Gud, 20sidan inkje kjøt kann verta rettferdiggjort for honom med lovgjerningar; for ved lovi kjem ein til å kjenna synd. 21Men no er Guds rettferd, som lovi og profetarne vitnar um, openberra utan lovi, 22det vil segja Guds rettferd ved tru på Jesus Kristus for alle og yver alle som trur. For det finst inkje skil; 23alle hev synda og vantar æra for Gud, 24med di dei vert rettferdiggjorde ufortent av hans nåde ved utløysingi i Kristus Jesus. 25Honom synte Gud fram i blodet hans, som ein nådestol ved trui, til å visa si rettferd, av di han i sitt langmod hadde havt tol med dei synder som fyrr var gjorde - 26til å visa si rettferd i den tid som no er, so han kunde vera rettferdig og gjera den rettferdig som hev trui på Jesus. 27Kvar er so vår ros? Ho er utestengd. Kva lov er det ved? Gjerningslovi? Nei, ved tru-lovi. 28For me held fyre at menneskja vert rettferdiggjord ved tru utan lovgjerningar. 29Eller er Gud berre Gud for jødar? Er han ikkje Gud for heidningar og? Jau, for heidningar og, 30so sant Gud er ein, og han rettferdiggjer dei umskorne av tru, og dei u-umskorne ved tru. 31Gjer me då lovi um inkje med trui? Nei, langt ifrå; me stadfester lovi.