1Difor segjer eg: Hev då Gud støytt frå seg folket sitt? Nei, langt ifrå; for eg er og ein israelit, av Abrahams ætt, av Benjamins ættgrein. 2Gud hev ikkje støytt frå seg folket sitt som han kjende fyreåt. Eller veit de ikkje kva Skrifti segjer der ho talar um Elia, korleis han stig fram for Gud imot Israel og segjer: 3«Herre! Profetarne dine drap dei, altari dine reiv dei ned, og eg vart åleine att, og dei stend meg etter livet.» 4Men kva segjer Guds svar til honom? «Eg leivde meg sju tusund mann som ikkje bøygde kne for Ba’al.» 5Soleis hev det då og i denne tid vorte att ein leivning etter nådens utveljing. 6Men er det av nåde, so er det ikkje lenger av gjerningar, elles vert nåden ikkje nåde lenger. 7Kva so? Det som Israel trår etter, det hev det ikkje nått, men dei utvalde hev nått det, dei hine hev vorte forherde, 8som skrive stend: «Gud gav deim ei dauvskapsånd, augo til å ikkje sjå og øyro til å ikkje høyra, alt til den dag i dag.» 9Og David segjer: «Lat bordet deira verta deim ei snara og ei gildra ei fella og ei attergjeld! 10Lat augo deira dimmast, so dei ikkje ser, og bøyg alltid ryggen deira!» 11Difor segjer eg: Hev dei då snåva for di at dei skulde falla? Nei, langt ifrå! men ved deira fall er frelsa komi til heidningarne, so det skal vekkja deim til kapphug. 12Men er deira fall ein rikdom for verdi, og deira skade ein rikdom for heidningar, kor mykje meir då deira fullending! 13For til dykk talar eg, de heidningar. So sant som eg er heidningapostel, ærar eg embættet mitt, 14um eg då kunde vekkja samættingarne mine til kapphug og få frelst nokre av deim. 15For hev verdi vorte forlikt med Gud med då dei var burtkasta, kva anna vert det då enn liv av daude, når dei vert mottekne? 16Men er fyrstegrøda heilag, so er deigi det og, og er roti heilag, so er greinerne det og. 17Um no like vel sume av greinerne vart avbrotne, og du, som var ein vill oljekvist, vart innpota imillom deim og vart samhavande med deim i roti og feita på oljetreet, 18so rosa deg ikkje imot greinerne! men um du rosar deg, so er det då ikkje du som ber roti, men roti som ber deg. 19So vil du vel segja: «Greinerne vart avbrotne for di at eg skulde verta innpota.» 20Ja vel! ved si vantru vart dei avbrotne, men du stend ved trui; ovmodast ikkje, men ottast! 21For sparde ikkje Gud dei naturlege greinerne, so vil han ikkje spara deg heller. 22Sjå då Guds godleik og strengleik: Strengleik imot deim som er falne, men godleik imot deg, so framt du held deg til godleiken, elles skal du og verta avhoggen. 23Men hine skal og verta innpota, dersom dei ikkje held fram i vantrui; for Gud er megtig til å pota deim inn att. 24For dersom du vart avhoggen av det oljetreet som er vilt av naturi, og imot naturi innpota i eit godt oljetre, kor mykje heller skal dei då verta innpota i sitt eige oljetre, dei som av naturi høyrer til der! 25For eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um denne løyndomen - so de ikkje skal tykkjast dykk sjølve kloke - at forherding til deils er komi yver Israel, til dess at fullnaden av heidningarne er komen inn, 26og so skal heile Israel verta frelst, som skrive stend: «Frå Sion skal frelsaren koma, rydja gudløysa burt frå Jakob, 27og når eg tek burt deira synder, er dette mi pakti med deim.» 28Etter evangeliet er dei fiendar for dykkar skuld, men etter utveljingi er dei elska for federne skuld; 29for Gud tregar ikkje på nådegåvorne sine og kallet sitt. 30For liksom de fyrr var ulyduge mot Gud, men no hev fenge miskunn ved deira ulydnad, 31so hev dei og no vore ulyduge for at dei og skal få miskunn med den miskunn som de hev fenge; 32for Gud hev gjeve deim alle yver til ulydnad, so han skulde kunna miskunna deim alle. 33Å, for djup av rikdom og visdom hjå Gud! Kor uransakelege domarne hans er, og kor urekkjande vegarne hans! 34For kven kjende Herrens hug? eller kven var rådgjevaren hans? 35Eller kven gav honom noko fyreåt, so han skulde få vederlag att? 36For av honom og ved honom og til honom er alle ting. Han skal hava æra i all æva! Amen.