1So legg eg dykk då på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bjoda fram likamarne dykkar til eit offer som er livande og heilagt og hugnadlegt for Gud - det er dykkar åndelege gudstenesta - 2og skikka dykk ikkje likt med denne verdi, men umlagast med uppatnying av hugen dykkar, so de kann prøva kva som er Guds vilje: det gode og hugnadlege og fullkomne. 3For ved den nåde som eg hev fenge, segjer eg til kvar og ein millom dykk, at han ikkje skal tenkja høgre um seg enn han bør tenkja, men tenkja visleg, alt etter som Gud hev tiletla kvar sitt mål av tru. 4For liksom me hev mange lemer på ein likam, men ikkje alle lemerne hev den same gjerning, 5soleis er me mange ein likam i Kristus, men kvar for seg er me kvarannans lemer. 6Og sidan me hev ulike nådegåvor alt etter den nåde som me hev fenge, so lat oss, um me hev profetgåva, bruka henne etter som me hev tru til, 7eller um me hev ei tenesta, taka vare på tenesta, eller um ein er lærar, på lærdomen, 8eller um ein skal påminna, på påminningi; den som etlar ut, gjere det i god tru; den som er styrar, vere det med ihuge; den som gjer miskunn, gjere det med gleda! 9Lat kjærleiken utan fals; styggjest ved det vonde, haldt fast ved det gode! 10Ver varmhjarta mot kvarandre i broderkjærleik; kappast um å visa kvarandre vyrdnad! 11Ver ikkje lunka i dykkar ihuge; ver brennande i åndi; ten Herren! 12Ver glade i voni, toluge i trengsla, trottuge i bøni! 13Syn samhug med dei heilage i deira trong, legg vinn på gjestmildskap! 14Velsigna deim som forfylgjer dykk; velsigna, og banna ikkje! 15Gled dykk med dei glade og gråt med dei gråtande! 16Ver samlyndte med kvarandre; trå ikkje etter det høge; men haldt dykk gjerne til det låge; ver ikkje sjølvkloke! 17Gjev ikkje nokon att vondt for vondt; legg vinn på det som godt er, for alle manns åsyn! 18So framt det er mogelegt, so haldt de på dykkar sida fred med alle menneskje! 19Hemn dykk ikkje sjølve, mine kjære, men gjev vreiden umrøme! For det stend skrive: «Meg høyrer hemnen til, eg skal gjeva attgjeld, segjer Herren.» 20Um då fienden din er hungrig, so gjev honom mat; er han tyrst, so gjev honom drikka! for når du gjer det, sankar du gloande kol på hovudet hans. 21Lat ikkje det vonde vinna yver deg, men vinn du yver det vonde med det gode!