1Til songmeisteren, for Jedutun; ein salme av Asaf. 2Eg ropar til Gud, og eg vil skrika; eg ropar til Gud, og han vil venda øyra til meg. 3Den Dagen eg er i naud, søkjer eg Herren, um natti retter eg ut handi, og ho vert ikkje trøytt, mi sjæl vil ikkje lata seg trøysta. 4Eg vil koma Gud i hug og sukka, eg vil tenkja etter, og mi ånd vanmegtast. Sela. 5Du held augo mine vakande, eg er uroleg og talar ikkje. 6Eg tenkjer på fordoms dagar, på lengst framfarne år. 7Eg vil koma i hug min strengleik um natti, i mitt hjarta vil eg grunda, og mi ånd vil ransaka. 8Vil Herren æveleg støyta burt? vil han ikkje lenger visa nåde? 9Er det for all tid ute med hans miskunn? Hev hans lovnad vorte upp i inkje frå ætt til ætt? 10Hev Gud gløymt å vera nådig? Eller hev han i vreide stengt for sin godhug? Sela. 11Eg segjer: Dette er mi plåga, det er år frå høgre handi til den Høgste. 12Eg vil forkynna Herrens gjerningar, for eg vil minnast dine under frå fordoms tid. 13Og eg vil tenkja etter alt ditt verk, og på dine store gjerningar vil eg grunda. 14Gud, i heilagdom er din veg, kven er ein gud, stor som Gud? 15Du er den Gud som gjer under; du hev kunngjort din styrke millom folkeslagi. 16Du hev løyst ditt folk ut med velde, borni åt Jakob og Josef. Sela 17Vatni såg deg, Gud, vatni såg deg og bivra, ja, djupi skalv. 18Skyerne gav vatn, himmelen dunde, ja, dine piler flaug ikring. 19Di tora dunde i kvervelstormen, eldingar lyste upp jordriket, jordi skalv og riste. 20I havet gjekk din veg, og dine stigar gjenom store vatn, og dine fotspor vart ikkje kjende. Du førde ditt folk som ei hjord ved handi åt Moses og Aron.