1Ord av Preikaren, son åt David, konge i Jerusalem. 2Fåfengt, fåfengt! segjer Preikaren, fåfengt, fåfengt! Alt er fåfengt. 3Kva vinning hev mannen av alt si møda som han møder seg med under soli? 4Ætt gjeng, og ætt kjem, medan jordi æveleg stend. 5Og soli renn, og soli glar, og ho skundar seg att til staden sin der som ho plar renna. 6Vinden gjeng imot sud og snur seg mot nord, han snur seg og snur seg og kjem attende til kringlaupet sitt. 7Alle elvar renn ut i havet, men havet vert ikkje fullt, dit som elvarne fyrr hev runne, held dei alltid på å renna. 8Allting strevar so ingen det ut kann segja, ikkje vert auga mett av å sjå, og ikkje vert øyra fyllt av å høyra. 9Det som hev vore, er det som skal vera, og det som hev hendt, er det som skal henda; det finst inkje nytt under soli. 10Skulde dei segja um noko: «Sjå, dette er nytt!» - so hev det longe vore til i fordums tider som var fyre oss. 11Me hev inkje minne um deim som fyrr hev livt, og dei som sidan skal koma, vil ikkje heller liva i minnet hjå deim som etterpå kjem. 12Eg, Preikaren, var konge yver Israel i Jerusalem. 13Eg lagde hugen på å granska og å ransaka med visdom alt det som hender under himmelen. Det er ei leid plåga som Gud hev gjeve mannsborni å plågast med. 14Eg såg på alt det som hender under soli, og so var det fåfengt alt i hop og jag etter vind. 15Det bogne kann ikkje beinkast, og det vantande kann ikkje reknast. 16Eg tenkte med meg sjølv: «Sjå no hev eg vunne meg større og rikare visdom enn alle dei som hev rådt yver Jerusalem fyre meg, og hjarta mitt hev set visdom og kunnskap i rikt mål.» 17Eg lagde hugen på å skyna visdomen og skyna vitløysa og dårskap. Men eg skyna at det var jag etter vind det og. 18For med mykje visdom du mykje gremmest, og aukar du kunnskap, so aukar du kvida.