1Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av Asaf, ein song. 2Gud er kjend i Juda, i Israel er hans namn stort. 3Han bygde si hytta i Salem og sin bustad på Sion. 4Der braut han sund ljoni frå bogen, skjold og sverd og ufred. Sela. 5Strålande er du, herleg framfor rans-bergi. 6Dei hjarte-sterke menner hev vorte plundra, dei søv sin svevn, og ingen av kjemporne fann sine hender. 7Ved ditt trugsmål, Jakobs Gud, vart både vogn og hest djupt svævde. 8Du - skræmeleg er du, og kven kann standa for di åsyn når du vert vreid? 9Frå himmelen let du høyrast dom; jordi ræddast og vart still 10då Gud stod upp til dom, til å frelsa alle spaklyndte på jordi. Sela. 11For manne-harm må prisa deg, med endå større harm gyrder du deg. 12Gjer lovnad og haldt det de lova til Herren, dykkar Gud! Alle kring honom skal føra gåvor til den skræmelege. Han staggar stormodet hjå hovdingar, han er skræmeleg for kongarne på jordi.