1Ein salme av Asaf. Ja, Gud er god mot Israel, mot deim som hev eit reint hjarta. 2Men eg - mine føter hadde so nær snåva, det skilde lite at mine stig hadde skride ut. 3For eg harmast på dei ovmodige, når eg såg at det gjekk dei gudlause godt. 4For dei er frie frå verk til dei døyr, og deira kropp er feit. 5Dei veit ikkje av naud som andre folk, og dei vert ikkje plåga som andre menneskje. 6Difor er ovmod deira halsprydnad, vald sveiper seg um deim som eit klædeplagg. 7Augo deira glytter ut or feitt, deira hjartans tankar bryt fram. 8Dei spottar og talar i vondskap um valdsverk, frå høgdi talar dei. 9Dei set sin munn til himmelen, og deira tunga fer fram yver jordi. 10Difor vendar deira folk seg til, og mykje vatn syg dei inn. 11Og dei segjer: «Korleis skulde Gud vita noko? Finst det vel kunnskap hjå den Høgste?» 12Sjå desse er ugudlege, og æveleg trygge veks dei i magt. 13Ja, fåfengt hev eg reinsa mitt hjarta og tvege mine hender i uskyld, 14eg vart like vel plåga heile dagen, og kvar morgon fekk eg tukt. 15Dersom eg hadde sagt: «Eg vil tala soleis,» då hadde eg vore utru mot ætti av dine born. 16Og når eg tenkte etter korleis eg skulda skyna dette, vart det for mødesamt var det for meg 17- til dess eg gjekk inn i Guds heilagdomar og agta på deira ende. 18Ja, på hålka set du deim; du let deim falla radt til grunns. 19Kor dei vart øydelagde i ein augneblink! Dei gjekk under, fekk ein skræmeleg ende. 20Som ein vanvyrder ein draum når ein vaknar, soleis vanvyrder du, Herre, deira bilæte når du vert vaken. 21Når mitt hjarta var beiskt, og eg fekk styng i nyro, 22då var eg uvitug og skyna inkje, eit fe var eg imot deg. 23Men eg er alltid hjå deg, du hev gripe mi høgre hand. 24Du vil leida meg med di råd og sidan tek du meg upp til æra. 25Kven hev eg i himmelen? Og når du er min, hev eg ingen hug til jordi. 26Um mitt kjøt og hjarta vert til inkjes, so er Gud æveleg mitt hjartans berg og min deil. 27For sjå, dei som er langt burte frå deg, skal ganga til grunnar; du tyner alle som i hor gjeng frå deg. 28Men for meg er det godt å halda meg nær til Gud, eg set mi lit til Herren, Herren, at eg må fortelja alle dine gjerningar.