1Av Salomo. Gud, gjev kongen dine domar og kongssonen di rettferd! 2Han skal døma ditt folk med rettferd og dine armingar med rett. 3Fjelli skal bera fred for folket, og like eins haugarne, ved rettferd. 4Han skal døma armingarne i folket, han skal frelsa borni åt den fatige og knasa valdsmannen. 5Dei skal ottast deg so lenge soli skin, og so lenge månen lyser frå ætt til ætt. 6Han skal koma ned som regn på nyslegen voll, lik ei regnskur som væter jordi. 7I hans dagar skal den rettferdige bløma, og det skal vera mykje fred, alt til det ingen måne er meir. 8Og han skal hava herredom frå hav til hav, og frå elvi til endarne av jordi. 9Dei som bur i øydemarki, skal bøygja seg for honom, og hans fiendar skal slikka mold. 10Kongarne frå Tarsis og øyarne skal bera fram gåvor, kongarne frå Sjeba og Seba skal koma med skatt. 11Alle kongar skal fall ned for honom, alle folkeslag skal tena honom. 12For han skal frelsa den fatige som ropar, og armingen som ingen hjelpar hev. 13Han skal spara vesalmannen og den fatige, og sjælerne åt dei fatige skal han frelsa. 14Frå trykk og vald skal han løysa deira sjæl, og dyrt skal blodet deira vera i hans augo. 15Og han skal liva, og Sjeba-gull skal han gjeva honom, og han skal alltid beda for honom, heile dagen skal han lova honom. 16Det skal vera ei mengd med korn i landet, på fjelltopparne, grøda skal susa som Libanonskogen, og folk blømer fram i byarne som gras på jordi. 17Hans namn skal vara i all æva, so lenge soli skin, skal hans namn setja nye renningar, og ved honom skal dei velsigna seg, alle heidningefolk skal prisa honom sæl. 18Lova vere Gud Herren, Israels Gud, han, den einaste som gjer under! 19Og lova vere hans herlege namn i all æva! og all jordi verte full av hans æra! Amen, amen! 20Ende på bønerne av David, son åt Isai.