1Ein song, ein salme; av Korahs born. 2Stor er Herren og høglova i vår Guds by, på hans heilage fjell. 3Fager i si høgd, ein fagnad for all jordi er Sions fjell, utkanten av nordheimen, staden til den store kongen. 4Gud er i hans hallar kjend som ei fast borg. 5For sjå, kongarne kom saman og drog fram i lag. 6Dei såg - so vart dei forfærde, dei vart vitskræmde, flydde i bråhast. 7Ein skjelv greip deim der, ei bivring som hjå ei barnsjuk kvinna. 8Med austanvind bryt du sund Tarsis-skip. 9Liksom me hev høyrt, so hev me no set det i Herren, allhers drotts by, i vår Guds by, Gud gjer honom fast til æveleg tid. Sela. 10Me grundar på din nåde, Gud, midt i ditt tempel. 11Som ditt namn, Gud, so er din pris alt til endarne av jordi; di høgre hand er full av rettferd. 12Sionsfjellet gled seg, Juda døtter fagnar seg yver dine domar. 13Gakk ikring Sion, far rundt um henne, tel hennar tårn! 14Legg merke til hennar vollar, gakk igjenom hennar hallar, so de kann fortelja um det til den komande ætt. For denne Gud er vår Gud æveleg og alltid; han skal føra oss ut yver dauden.