1Til songmeisteren; ein song til lærdom, av Korahs born. 2Som ein hjort styn etter vatsbekkjer, so styn mi sjæl etter deg, min Gud. 3Mi sjæl tyrster etter Gud, etter den livande Gud. Når skal eg koma og syna meg for Guds åsyn? 4Mine tåror er min mat dag og natt, av di dei all dagen segjer til meg: «Kvar er din Gud?» 5Dette må eg koma i hug og tøma ut mi sjæl hjå meg: korleis eg drog fram i manntrongen og vandra med deim til Guds hus med fagnadrøyst og lovsong, ein høgtidleg folkestraum. 6Kvi er du nedbøygd, mi sjæl, og bruser i meg? Venta på Gud, for eg skal endå lova honom for frelsa frå hans andlit. 7Min Gud! Mi sjæl er nedbøygd i meg; difor kjem eg deg i hug frå Jordanlandet og Hermonhøgderne, frå det vesle fjell. 8Vatsflod ropar til vatsflod ved duren av dine fossar; alle dine brotsjøar og båror slær yver meg. 9Um dagen sender Herren sin nåde, og um natti er hans song hjå meg, bøn til mitt livs Gud. 10Eg må segja til Gud, mitt berg: «Kvi hev du gløymt meg? Kvi skal eg ganga svartklædd under fiende-trykk?» 11Det er som knasing i mine bein, at mine fiendar spottar meg, med di dei heile dagen segjer til meg: «Kvar er din Gud?» Kvi er du nedbøygd, mi sjæl, og kvi bruser du i meg? Venta på Gud, for eg skal endå lova honom, mitt andlits frelsa og min Gud.