1Av David. Herre, til deg lyfter eg mi sjæl. 2Min Gud, til deg hev eg sett mi lit; lat meg ikkje verta til skammar; lat ikkje mine fiendar gilda seg yver meg! 3Ja, ingen av deim som ventar på deg, skal verta til skammar; men dei skal verta til skammar, som utan årsak bryt si tru. 4Herre, lat meg kjenna dine vegar, lær meg dine stigar! 5Leid meg fram i di sanning og lær meg! for du er Gud, min frelsar, på deg ventar eg all dagen. 6Herre, kom i hug di miskunn og din nåde! for dei er frå æveleg tid. 7Kom ikkje i hug min ungdoms synder og mine misgjerningar; kom meg i hug etter di miskunn for din godhug skuld, Herre! 8Herren er god og rettvis; difor lærer han syndarar vegen. 9Han leider dei audmjuke i det som rett er, og lærer dei audmjuke sin veg. 10Alle Herrens stigar er nåde og sanning mot deim som held hans pakt og hans vitnemål. 11For ditt namn skuld, Herre, forlat meg mi skuld, for ho er stor! 12Kven er den mann som ottast Herren? Honom lærer han den veg han skal velja. 13Hans sjæl skal stødt bu i sæla, og hans avkjøme skal erva landet. 14Herren hev samlag med deim som ottast honom, og si pakt vil han kunngjera deim. 15Mine augo er stendigt vende til Herren, for han dreg mine føter ut or garnet. 16Vend deg til meg og ver meg nådig! for eg er einsleg og arm. 17Min hjarteverk hev dei gjort stor; før meg ut or mine trengslor! 18Sjå min armodsdom og mi møda, og forlat meg alle mine synder! 19Sjå mine fiendar, at dei er mange! og dei hatar meg med rettarlaust hat. 20Vara mi sjæl og frels meg! Lat meg ikkje verta til skammar! for eg flyr til deg. 21Lat uskyld og trurøkna verja meg, for eg ventar på deg. 22Å Gud, løys Israel ut or alle sine trengslor!