1Av David, ein salme. Jordi høyrer Herren til - og alt det som fyller henne, jordriket og dei som bur i det. 2For han hev grunnlagt henne på havi og grunnfest henne på strøymande vatn. 3Kven skal stiga upp på Herrens fjell, og kven skal standa på hans heilage stad? 4Den som hev skuldlause hender og reint hjarta, som ikkje hev vendt sin hug til lygn og ikkje svore med svik. 5Han skal bera velsigning med frå Herren og rettferd frå Gud, sin frelsar. 6Dette er deira ætt som spør etter honom, dei som søkjer di åsyn, Jakobs born. Sela. 7De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn! 8Kven er kongen den herlege? Herren sterk og veldug, Herren veldug i strid. 9De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn! 10Kven er då kongen den herlege? Herren, allhers drott; han er kongen den herlege. Sela.