1Halleluja! Syng Herren ein ny song, hans lov i samlingi av dei gudlege! 2Israel glede seg i sin skapar, Sions søner frygde seg for sin konge! 3Dei skal lova hans namn med dans, syngja for honom til pauka og cither. 4For Herren hev hugnad i sitt folk, han pryder spaklyndte med frelsa. 5Dei gudlege frygdar seg i herlegdom, dei ropar av fagnad på sine lægje. 6Lovsong for Gud er i deira munn, og eit tvieggja sverd i deira hand, 7til å fullføra hemn yver heidningarne, refsing yver folkeslagi, 8til å binda deira kongar med lekkjor og deira storfolk med jarnband, 9til å fullføra fyreskriven dom yver deim. Æra er dette for alle hans trugne. Halleluja!