1Halleluja! Lova Herren frå himmelen, lova honom i det høge! 2Lova honom, alle hans englar, lova honom, all hans her! 3Lova honom, sol og måne, lova honom, alle lysande stjernor! 4Lova honom, de himle-himlar, og de vatn ovanfor himlarne! 5Dei skal lova Herrens namn, for han baud, og dei vart skapte, 6og han stelte deim upp for alltid og æveleg, han gav ei lov som ingen bryt. 7Lova Herren frå jordi, de store sjødyr og alle djup, 8Eld og hagl, snø og eim, du storm som set hans ord i verk, 9de fjell og alle haugar, aldetre og alle cedrar, 10de ville dyr og alt fe, krekande dyr og fljugande fuglar; 11de kongar på jordi og alle folk, de hovdingar og alle domarar på jordi, 12de unge gutar og gjentor, de gamle med dei unge! 13Dei skal lova Herrens namn, for berre hans namn er høgt, hans herlegdom er yver jord og himmel, 14og han hev lyft upp eit horn for sitt folk, til ein lovsong for alle sine trugne, for Israels born, det folk som er honom nær. Halleluja!