1Ein lovsong av David. Eg vil upphøgja deg, min Gud, du konge, og eg vil lova namnet ditt æveleg og alltid. 2Kvar dag vil eg lova deg, og eg vil prisa namnet ditt æveleg og alltid. 3Stor er Herren og mykje lovsungen, og hans storleik er uransakleg. 4Ei ætt skal lova dine verk for ei onnor, og dine storverk skal dei forkynna. 5Di høge og herlege æra og dine underverk vil eg grunda på. 6Um dine sterke, skræmelege gjerningar skal dei tala, og dine storverk vil eg fortelja um. 7Minne-ord um din store godleik skal dei lata strøyma ut, og di rettferd skal dei lovsyngja. 8Nådig og miskunnsam er Herren, langmodig og stor i miskunn. 9Herren er god imot alle, og han miskunnar alle sine verk. 10Alle dine verk skal prisa deg, Herre, og dine trugne lova deg. 11Um herlegdomen i ditt rike skal dei tala, og ditt velde skal dei forkynna, 12til å kunngjera dine velduge verk for menneskjeborni, og den strålande herlegdom i ditt rike. 13Ditt rike er eit rike for alle ævor, og ditt herredøme varer gjenom alle ætter. 14Herren er stydjar alle som fell, og han reiser alle som er nedbøygde. 15Alle vender augo sine ventande til deg, og du gjev deim deira føda i si tid. 16Du let upp handi og mettar alt levande med hugnad. 17Herren er rettferdig på alle sine vegar og miskunnsam i alle sine verk. 18Herren er nær hjå alle deim som kallar på honom, alle som kallar på honom i sanning. 19Han gjer etter deira ynskje som ottast honom, og han høyrer deira rop og frelser deim. 20Herren varar alle deim som elskar honom, men alle ugudlege tyner han. 21Min munn skal mæla um Herrens pris, og alt kjøt skal lova hans heilage namn i all æva og alltid.