1Til songmeisteren; av David; ein salme. Herre, du ransakar meg og kjenner meg. 2Um eg sit eller stend upp, so veit du det, du skynar min tanke langan veg. 3Mi gonga og lega røyner du ut, og alle mine vegar kjenner du grant. 4For det er inkje ord på mi tunga - sjå, Herre, du kjenner det alt til fullnads. 5Bak og framme held du ikring meg, og du legg di hand på meg. 6Slik kunnskap er meg for underleg, han er for høg, eg kann ikkje greida honom. 7Kvar skal eg fara frå din ande, og kvar skal eg fly ifrå ditt andlit? 8For eg upp til himmelen, so er du der, og reidde eg seng i helheimen, sjå, der er du og. 9Tek eg vengjerne til morgonroden, slo eg meg ned ved ytste havet, 10di hand vilde leida meg ogso der, og di høgre hand vilde halda meg fast. 11Og sagde eg: «Myrker løyne meg, og ljoset verte natt ikringum meg,» 12so vilde ikkje heller myrkret gjera noko myrkt for deg, og natti vilde vera ljos som dagen, myrkret vilde vera som ljoset. 13For du hev skapt mine nyro, du hev verka meg i morsliv. 14Eg takkar deg, av di eg er laga på øgjeleg underfull vis; underfulle er dine verk, og mi sjæl veit det so vel. 15Mine bein var ikkje dulde for deg då eg vart laga i løynd, då eg med kunst vart verka djupt i jordi. 16Då eg var eit foster, såg dine augo meg, og i di bok vart dei alle uppskrivne, dei dagar som vart fastsette, då ikkje ein av deim var komen. 17Og kor dyre dine tankar er for meg, du Gud, kor store summarne er av deim! 18Vil eg telja deim, so er dei fleire enn sand; eg vaknar, og endå er eg hjå deg. 19Gud, gjev du vilde drepa den ugudlege! og de, blodfuse menner, vik burt frå meg - 20dei som nemner deg med fulskap, brukar ditt namn til lygn - dine fiendar! 21Skulde eg ikkje, Herre, hata deim som hatar deg, og styggjast ved deim som stend deg imot? 22Med det sterkaste hatet hatar eg deim, fiendar er dei for meg. 23Ransaka meg, Gud, og kjenn mitt hjarta! Prøv meg og kjenn mine tankar! 24Og sjå um eg er på veg til pinsla, og leid meg på æveleg veg!