1Av David. Eg vil prisa deg av alt mitt hjarta, for augo på gudarne vil eg syngja deg lov. 2Eg vil kasta meg ned framfyre ditt heilage tempel, eg vil takka ditt namn for di miskunn og for din truskap; for du hev gjort ditt ord herlegt yver alt ditt namn. 3Den dagen eg ropa, svara du meg, du gjorde meg frihuga, styrkte mi sjæl. 4Herre, alle kongar på jordi skal prisa deg, når dei fær høyra ordi av din munn. 5Og dei skal syngja um Herrens vegar; for Herrens æra er stor, 6for Herren er høg og ser til den låge, og den stormodige kjenner han langan veg. 7Um eg ferdast midt i naudi, held du meg i live, mot harmen til mine fiendar retter du ut di hand, og ho frelser meg, di høgre hand. 8Herren vil fullføra sitt verk for meg. Herre, di miskunn varer æveleg; det verk dine hender hev gjort, må du ikkje gjeva upp!