1Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn. 2Prisa Guden yver gudar, for æveleg varer hans miskunn. 3Prisa Herren yver herrar, for æveleg varer hans miskunn. 4Han, den einaste som gjer store under, for æveleg varer hans miskunn. 5Han som gjorde himmelen med vit, for æveleg varer hans miskunn. 6Han som strakte jordi yver vatni, for æveleg varer hans miskunn. 7Han som gjorde dei store ljos, for æveleg varer hans miskunn, 8soli til å råda yver dagen, for æveleg varer hans miskunn, 9månen og stjernorne til å råda yver natti, for æveleg varer hans miskunn. 10Han som slo egyptarane gjenom deira fyrstefødde, for æveleg varer hans miskunn, 11og førde Israel ut frå deim, for æveleg varer hans miskunn, 12med sterk hand og strak arm, for æveleg varer hans miskunn. 13Han som skar i sund Raudehavet, for æveleg varer hans miskunn, 14og førde Israel midt igjenom, for æveleg varer hans miskunn, 15og kasta Farao og heren hans i Raudehavet, for æveleg varer hans miskunn. 16Han som førde sitt folk i øydemarki, for æveleg varer hans miskunn. 17Han som felte store kongar, for æveleg varer hans miskunn, 18og som slo herlege kongar i hel, for æveleg varer hans miskunn, 19Sihon, amoritarkongen, for æveleg varer hans miskunn, 20og kongen yver Basan, Og, for æveleg varer hans miskunn, 21og gav deira land til arv, for æveleg varer hans miskunn, 22til arv for sin tenar Israel, for æveleg varer hans miskunn. 23Han som kom oss i hug i vår stakarsdom, for æveleg varer hans miskunn, 24og reiv oss ut or fiendevald, for æveleg varer hans miskunn. 25Han som gjev alt som liver brød, for æveleg varer hans miskunn. 26Prisa Gud i himmelen, for æveleg varer hans miskunn!