1Eg elskar Herren, for han høyrer mi røyst, mine bøner. 2For han hev bøygt sitt øyra til meg, og alle mine dagar vil eg kalla på honom. 3Daude-band hadde spent seg um meg, helheims trengsla hadde funne meg; naud og sorg fann eg. 4Men eg kalla på Herrens namn: «Å Herre, berga mi sjæl!» 5Herren er nådig og rettferdig, og vår Gud er miskunnsam. 6Herren varar dei einfalde, eg var ein arming, og han frelste meg. 7Kom attende, mi sjæl, til di ro! for Herren hev gjort vel imot deg. 8Ja, du fria mi sjæl frå dauden, mitt auga frå tåror, min fot frå fall. 9Eg skal vandra for Herrens åsyn i landi åt dei livande. 10Eg trudde, for eg tala; eg var i stor plåga. 11Eg sagde i min ræddhug: «Kvar mann er ein ljugar!» 12Kva skal eg gjeva Herren att for alle hans velgjerningar imot meg? 13Eg vil lyfta frelse-staupet, og Herrens namn vil eg påkalla. 14Mine lovnader vil eg halda for Herren, og det for augo på alt hans folk. 15Dyr er i Herrens augo dauden åt hans heilage. 16Å Herre, eg er din tenar, veit du, eg er din tenar, son åt di tenestkvinna; du hev løyst mine band. 17Til deg vil eg ofra takkoffer, og Herrens namn vil eg påkalla. 18Mine lovnader vil eg halda for Herren, og det for augo på alt hans folk, 19i fyregardarne til Herrens hus, midt i deg, Jerusalem. Halleluja!