1Ikkje oss, Herre, ikkje oss, men ditt namn gjeve du æra for di miskunn, for din truskap skuld! 2Kvifor skal heidningarne segja: «Kvar er no deira Gud?» 3Vår Gud er då i himmelen, alt det han vil, gjer han. 4Deira avgudar er sylv og gull, eit verk av menneskjehender. 5Dei hev munn, men talar ikkje, dei hev augo, men ser ikkje; 6dei hev øyro, men høyrer ikkje, dei hev nos, men luktar ikkje. 7Med sine hender grip dei ikkje, med sine føter gjeng dei ikkje, dei hev ikkje mål i strupen. 8Som desse er, vert dei som lagar deim, alle som set si lit til deim. 9Israel, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold. 10Arons hus, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold. 11De som ottast Herren, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold. 12Herren kom oss i hug, han skal velsigna, han skal velsigna Israels hus, han skal velsigna Arons hus, 13han skal velsigna deim som ottast Herren, dei små med dei store. 14Herren late dykk auka, dykk og dykkar born! 15Velsigna er de av Herren, han som skapte himmel og jord. 16Himmelen er himmel for Herren, men jordi hev han gjeve menneskjeborni. 17Dei daude lovar ikkje Herren, ingen av deim som stig ned i stilla. 18Men me skal lova Herren frå no og til æveleg tid. Halleluja!