1Prisa Herren, kalla på hans namn! Kunngjer millom folkeslagi hans storverk! 2Syng for honom, syng honom lov! tala um alle hans under. 3Rosa dykk av hans heilage namn, hjarta glede seg hjå deim som søkjer Herren! 4Spør etter Herren og hans magt, søk hans åsyn alltid! 5Kom i hug hans under som han hev gjort, hans undergjerningar og domsordi frå hans munn, 6de, etterkomarar av Abraham, hans tenar, søner åt Jakob, hans utvalde! 7Han er Herren, vår Gud, yver all jordi gjeng hans domar. 8Han kjem æveleg i hug si pakt, det ord han sette fast for tusund ætter, 9den pakt han gjorde med Abraham, og sin eid til Isak; 10og han gjorde det til ein rett for Jakob, for Israel ei æveleg pakt, 11med di han sagde: «Deg vil eg gjeva Kana’ans land til arvlut.» 12Då dei var ein liten flokk, få og framande der, 13og dei vandra frå folk til folk, frå eitt rike til eit anna folk, 14let han ingen mann få gjera valdsverk mot deim, og han refste kongar for deira skuld: 15«Rør ikkje dei eg hev salva, og gjer ikkje vondt med mine profetar!» 16Og han kalla hunger inn yver landet, kvar studnad av brød braut han sund. 17Han sende ein mann fyre deim, til træl vart Josef seld. 18Dei plåga hans føter i lekkjor, i jarn vart han lagd, 19til den tid då hans ord slo til, då Herrens ord viste at han var uskuldig. 20Då sende kongen bod og løyste honom, Herren yver folkeslag gav honom fri. 21Han sette honom til herre yver sitt hus, til å råda yver all hans eigedom; 22so han skulde binda hans hovdingar etter sin vilje og læra hans eldste visdom. 23Og Israel kom til Egyptarland, og Jakob budde som gjest i Khams land. 24Og han let folket sitt aukast mykje og gjorde det sterkare enn fiendarne. 25Deira hjarto vende han um, so dei hata hans folk og lagde løynderåder upp mot hans tenarar. 26Han sende Moses, sin tenar, Aron som han hadde valt ut. 27Dei gjorde hans teikn imillom deim og under i Khams land. 28Han sende myrker og gjorde det myrkt, og dei var ikkje ulyduge imot hans ord. 29Han gjorde vatni deira til blod, og han drap deira fiskar. 30Deira land kom til å kreka av froskar, jamvel i salarne til deira kongar. 31Han tala, og det kom flugesvermar og my i heile landet deira. 32Han gav deim hagl for regn, logande eld i landet deira, 33og han slo ned deira vintre og fiketre og braut trei sund i landet deira. 34Han tala, og det kom engsprettor og grashoppar i uteljande mengd, 35og dei åt upp all grode i deira land, og dei åt upp frukti av marki deira. 36Og han slo alt fyrstefødt i landet deira, fyrstegrøda av all deira kraft. 37Og han førde deim ut med sylv og gull, og det var ingen i hans ætter som snåva. 38Egyptarland gledde seg då dei drog ut; for rædsla for deim hadde falle yver deim. 39Han breidde ut ei sky til skyggje og eld til å lysa um natti. 40Dei kravde, og han let vaktlar koma, og med himmelbrød metta han deim. 41Han opna berget og vatn rann ut, det gjekk som ei elv gjenom turrlendet. 42For han kom i hug sitt heilage ord, Abraham, sin tenar, 43og han førde sitt folk ut med gleda, sine utvalde med fagnadrop, 44og han gav deim landi åt heidningarne, og folkeslags arbeid tok dei til eigedom, 45at dei skulde halda hans fyresegner og taka vare på hans lover. Halleluja!